Nils Røv IMGP2397

Tema sjøfugl

Den kjende naturforskaren Nils Røv er søndagens gjest på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Han kåserer om sjøfugl, særleg om skarven, som etter mange års fråver er attkomen til Bøfjorden – der også Nils har sine aner.

 

Elles har Nils Røv med munnspelet sitt. Musikk er nemleg ein kjær hobby for den TV-kjende ornitologen.

 

Skarven er attkomen – her sit han på Brøskjaflua.

 

Vidare held Hyldbakk-føljetongen «Ei haustferd» fram. Og kaffe er det sjølsagt.

 

Bøfjorden Sjøbruksmuseum i Bøfjorden er ope kvar sommarsøndag (i år fram t.o.m. 23.09) frå kl. 13 til kl. 15.

DAGENS TEMA kjem kvar gong kl. 15.00.
Denne gong (16.09) altså kåseri ved Nils Røv.

 

Bøfjorden Historielag med Sjøbruksmuseet er  medlem av Trollheimsporten. Snart får dei si eiga informsjonsside.

Sjå alle medlemmene her! Slik kan du også bli medlem!

 

Sjå plakaten nedafor!