NFFlogo

Temadag i Indre Nordmøre forsvarsforening

Indre Nordmøre Forsvarsforening arrangerer temadag i Sanitetshuset i Todalen laurdag 19. november frå kl. 13.00-15-00. Tema for dagen er “Trygge lokalsamfunn”. Hovudattraksjon på temadagen er leiar i Kvinners frivillige beredskap, Anne Lise Johnsen, som kjem for å orientere om beredskap, totalforsvarstanken og psykisk førstehjelp. Det vil bli enkel servering på møtet som er ope for alle interesserte. Vil du vita meir om Kvinners frivillige beredskap, klikk her. Meir om Indre Nordmøre forsvarsforening her.