Eli

Annonse:

Tenk globalt, handle lokalt!

Surnadal MDG viser fram sine kandidatar og deira hjartesaker i vekene fram mot valet her på Trollheimsporten. Førre veke fekk du blant anna lese om at vi kjem til å lese sakspapir med "grøne briller" og fekk presentert 6 av kandidatane våre. Heile innlegget kan du lese her. Bileta vi viser er ein del av valkampanjen vi har har på sosiale medier. Sjekk gjerne ut Facebooksida vår "Miljøpartiet de Grønne - Surnadal" eller finn oss på Instagram. Der har vi ein føljetong med kva vi ønskjer å "ta vare på". 

For oss i Miljøpartiet de Grønne Surnadal er det ikkje tvil om kva som bør vere dei to store sakene i haustens val: Klimakrisa og biomangfaldskrisa. Dei heng tett saman, og påverkar kvarandre i negativ retning, dessverre. Men MDG har politikken som kan få Surnadal til å ta eit globalt ansvar ved å handle med lokale løysingar. Vi ønskjer blant anna at alle nybygg i kommunal regi skal byggjast etter ei miljøsertifisering som heiter BREEAM og at det nyttast mest mogleg tre som byggemateriale. I tillegg bør eksisterande bygningsmasse energieffektiviserast, og vi bør satse på solceller og solfangarar som fornybar energikjelde. Her er det er mykje å spare for miljøet OG for økonomisk drift.  

Å handle lokalt skal vi og gjere bokstaveleg talt, for det er jo slik vi kan redusere utsleppa i transportsektoren og samtidig bidra til verdiskaping i regionen. I innkjøpsavtalane til kommunen gjennom Nordmøre Interkommunale Innkjøpssamarbeid (NII) bør miljøet bli vekta meir enn 30 prosent, for vi vil gjerne ha så kortreist mat og mjølk som mogleg! I tillegg vil vi arbeide for at det blir lagt større vekt på miljøet i dei kommunale anbodskonkurransane, slik som til dømes PipeLife har vore ute og etterlyst.  

erik_690x495.png

Jordvern, jordbruk og matsikkerheit 

I førre periode var vi saman med KrF det einaste partiet som var tru mot jordvernet her i Surnadal. I Noreg har vi ein låg sjølvforsyningsgrad, vi kan ikkje tole at den blir mindre. Hos oss får du jordverngaranti!  

Vi verdset bonden og ønskjer synleggjering av det arbeidet dei gjer med å produsera maten vår, difor vil vi støtte opp om ReKo-ring og Bondens Marknad her i Surnadal.  
 

Joar_690x516.png

trygve megaard.PNG


Ta vare på biomangfaldet 

FNs naturpanel har slått fast at artsmangfald og natur er i akutt fare. Vi er i ferd med å miste arter og natur som vi menneske er heilt avhengig av.  

Vi veit kva som skal til. Det krev tøffe politikarar som set god arealpolitikk og nulltoleranse for nedbygging av naturområde først. Vi må vere meir kreative i arealplanlegginga. Sjølv om vi har mykje "ledig" areal her i Surnadal, er det viktig for biomangfaldet at det meste blir bevart. Om vi øydelegg naturen og miljøet, øydelegg vi til slutt også for oss sjølv. Vi seier NEI til bygging av vindmøller i urørt natur, vi seier NEI til nedbygging av matjord, vi seier JA til å bevare artsmangfold og matjord for oss og for framtidige generasjonar. Vi går til val på blant anna dette:  

- ha nullvisjon for tap av artsmangfald, og verne om bier og innsekt  

- at kantslått langs vegar skal spille på lag med biomangfaldet og trafikksikkerheita 

- seie nei til nedbygging av matjord, og arbeide for auka sjølvforsyning og mattryggleik 

- styrke vernet av skog, våtmark, havbotn og andre artsrike biotopar  

- ha klare retningslinjer om hogst og økologisk berekraftig drift i skogbruket  

- stille krav til utbyggjarar for at biomangfaldet skal ivaretakast rundt og i nye hyttefelt, bustadfelt og næringseigedomar  

- legge til rette for at folk skal bli glad i naturen, og støtte lag og foreiningar som arbeider med det 

- ha tiltak mot spreiing av miljøgifter  

- bidra til utrydding av framande artar i naturen  

- at delar av sommararbeid for ungdom skal vere arbeid med biomangfaldet i kommunen  

- opprette fleire slåttenger i kommunen 

Henrik.PNG

Elisabeth.PNG