
"Skiskytingens dag" på Nordmarka
Testa skiskyting
7 år gamle Eirena Holten får hjelp av Odd Trodal på standplass. Alle foto: Norunn Holten
Føremålet med "Skiskytingens dag" er å skapa interesse for skiskyting, og kanskje lokke nye utøvarar inn i idretten. Arrangøren stiller med våpen og ammunisjon slik at alle som ønskjer det, kan prøve. Det blir ikkje gått på tid, og strafferundar blir gått berre i den grad utøvarane sjølve ønskjer det. Elles er det merkeprøvar, og her blir det gull, sølv eller bronse avhengig av kor mange år ein har delteke på arrangementet.
Odin Holten var ivrig på standplass. Her under oppsyn av bestefar Olav Jostein Holten.
Andreas Vaag Bolme i full konsentrasjon. Han hadde med seg bestefar Johs. J Vaag på skiskytingens dag.
Ronja og Eirena Holten med ein velfortent Kvikk Lunch etter endt dyst.