The Valhalla Run

På ferga frå Kanestraum til Halsa tirsdag kveld var det to kjørety som stakk seg ut frå dei andre. Dei var engelskregistrerte og hadde spesiell dekor.

Dei kunne fortelje at dei var på veg til Helsinki, noko som vi såg tydeleg på bilane. Dei deltok i eit billøp som er kalla The Valhalla Run og skulle vere framme i Helsinki 22.august. Det såg dei heller mørkt på! Eg anbefalte dei å kjøre R65 vidare. Da eg ville ta bilde av dei for Trollheimsporten, måtte eg skrive webadressa på eine bilen (etter dette bildet). Dermed er Trollheimsporten på hjul til Finnland og vidare ..... dersom bilen held! Kanskje dei passerer Rindal onsdag morgon?
Denne Peugeot'n vart kjøpt i 2004 for 72 £. Meir om denne vogna kan du lese her!
Denne bilen ser amerikansk ut i første omgang. Det er berre fordi dei som kjører den er Elvis-fans!
Dei fortalde at dei hadde med seg kvart sitt fulle Elviskostyme for kveldsbruk!
Ikkje rart at føraren var stolt!
Tekst og foto: Ole Trygve Foseide

Må ta med eit bilde av den fine solnedgangen over Halsabygda og Tustnastabbane!