
Tid for å søkje om kulturskuleplass
Kulturskulen på indre Nordmøre førebur nytt skuleår, og minner om at søknadsfristen er 10.mai. Kulturskulen tilbyr eit variert tilbod innafor mange fagområde, primært for elevar i grunnskule og vidaregåande skoule. Skulen vekt på at elevane skal ha gode vekst- og utviklingsmulegheiter og få glede av å lære seg nye ferdigheiter samt å vise dei til eit publikum. Les meir om dei mange kulturskuletiboda samt meir påmeldingsinformasjon, ved å klikke vidare på denne saka.

Dans: Her får elevene lære grunnleggande oppvarmingsøvingar og dansebevegelsar med fagutdanna dansepedagog som sikrar elevane si utvikling innafor trygge rammer. Dei dansar ulike sjangrar scenisk dans med utgangspunkt i klassisk danseteknikk. I dansefaget blir elevane inndelt etter alder. Koreografi og teknisk nivå er tilpassa gruppa sitt nivå. Vi vil også tilby eit talentprogram innafor dans i samarbeid med kulturskulerådet og operaen i Kristiansund.
Drama/teater: Vi har som mål å auke eleven si tru på seg sjølv i dramafaglege og pedagogiske rammer og å gi eleven verkty til bruk i ulike framføringar. Elevane vil i løpet av året framføre noko for publikum. Nokre gonger skriv eller finn dramalæraren manuskriptet og andre gonger skriv elevane manuskriptet sjølv med rettleiing frå læraren. Resten av tida brukar elevane til dramaøvingar og leikar. Nedanfor finn du sentrale stikkord i dramafaget.
Drama - øvingar og leiker. Konsentrasjon, lagspel, refleksjon – analyse, fantasi, improvisasjon, skaparevne, kroppsmedvit, stemmebruk, sprenge egne grenser, sjølvkjensle.

Teaterframsyningar – skodespelarteknikk. Stå på scene, plassering og retning, spele og analysere roller, ta regi, samarbeide – gjere motspelaren god, fortelje, synge, danse, skrive
Visuelle kunstfag: Elevene er inndelt i grupper etter alder og ferdigheiter. Dei arbeider med ulike teknikkar innafor teikning, måling, grafikk og skulptur. Dei vanlegaste teknikkane er olje- og akrylmåling, teikning med ulike blyantar, kolstift, penn, pastellkrit, linoleumstrykk og ulike skulpturar. Dei lærer å arbeide med rom og form, to- og tredimensjonalt, lærer om perspektiv, skuggelegging, enkel fargelære, anatomi og mykje meir utifrå det ein ser og eigen fantasi.
Musikk: I musikkfaget tilbyr vi instrumentalopplæring individuelt og samspel i større og mindre grupper.
- Blås: Vi underviser i dei fleste messing- og treblåseinstrument. Etter aspirantopplæring eit til to år kan elevane melde seg inn i det lokale korpset.
- Piano/keyboard: Elevane får opplæring både i note- og besifringsspel/akkordar. Repertoaret varierer frå klassisk til viser og rytmisk musikk.
- Gitar, bass og trommer: Elevane får opplæring i fleire notasjonsformer og gehørbasert læring innafor ulike sjangrar rytmisk musikk.

- Songgrupper/vokal: Vi har vokale aktivitetar både i form av songgrupper, individuell undervisning og band. Fiolin. Opplæring på tilpassa instrument i klassisk og folkemusikk.
- Band/samspel: Ønskjer elevane band eller samspel må dei først ha individuell opplæring til dei når eit visst ferdigheitsnivå.
Søknadsfristen i år er 10. mai. Alle elevar i Rindal, Halsa og Surnadal har fått utdelt søknadsskjema.
Ein kan med fordel søkje via heimesida www.kulturskolen-indre-nordmore.no
Der finst det også meir info om skulen.

.png)

