IMGP7755-001

Tidenes julvers

Konserten "Tonar i julenatt" i Stangvik kyrkje torsdag kveld sette standard alt under opningsnummeret, som var det kjente "Julverset frå Stangvik", der Sigrid Vetleseter Bøe akkompagnert av Hedda Hansen Berg på flygel vart kora av Irene Snurruås, Marit Løfaldli, Maria Moen Nohr og Sverre Johan Aal.

IMGP7762[1].JPG
Jo Sverre Sande vart introdusert som "Rindals store sønn" og kjent frå radio. Han framførte Brorsonsalmen "Mitt hjerte alltid vanker" til eige gitarakkompagnement, før han og Hedda Hansen Berg, piano, akkompagnerte barytonen Sverre Johan Aal i Jakob Sande/Lars Sørås sin song "Det lyser i stille grender".

2018-12-20 19.40.16_690x388.jpg

IMGP7767[1].JPG
Jo Sverre delte sin eigen "mestajulsong" "Takka fer det oss ha fått", og da med duettinnslag frå Sigrid, akkurat som på plata. Han hadde grubla litt på kven han skulle ha med på denne plata. Han våga å spørre Sigrid, og ho takka ja! Ein nydeleg song, også framført utan band, med gitar og piano.

IMGP7773[1].JPG

IMGP7777[1].JPG
Maria Moen Nohr tok oss med nordover. Vi fekk to nummer signert Trygve Hoff , "Et lys i mørketida", ein song nær hjertet til Maria og "Nordnorsk julesalme".

IMGP7779[1].JPG
Sverre Johan Aal delte "Josefs julevise" der Halvdan Sivertsen ser jula med augene til Josef, før "Nordnorsk julesalme" vart framført av Maria støtta av Jo Sverre og Hedda.

2018-12-20 19.58.01_690x388.jpg

IMGP7788[1].JPG
Spesielle gjestar var dei unge dansarane frå KIN Dansekompani som dansa i midtgangen til musikk frå  "Tre nøtter til Askepott" spela av Hedda Hansen Berg, koreografi: Stine Valde.

triOpera som stod bak denne julekonserten, hadde også invitert fleire gjestar, eit heilt kor! Kantor Johanne Bjørkhaug frå Rindal hadde med seg eit prosjektkor med songarar frå kor i Rindal, Meldal og Orkdal. 

2018-12-20 20.09.08_690x388.jpg
Dei framførte utdrag frå "A Ceremony of Carols" (Benjamin Britten).

Maria og Sigrid tolka "He Shall Feed His Flock" frå Händels Messias nydeleg, og Sverre gav oss ei fin oppleving med den svenske julesongen "Jul jul, strålande jul" i lag med Hedda, Maria, Sigrid og Jo Sverre.

2018-12-20 20.23.06_690x408.jpg
"Stille Nacht" har knapt vore framført stillare og varare enn denne kvelden i Stangvikkjerka!

Før heile forsamlinga reiste seg og song "Deilig er jorden", song prosjektkoret John Rutters "Tomorrow Shall Be My Dancing Day" friskt akkompagnert av Hedda Hansen Berg, med imponerande sopran frå Irene Snurruås.

Så var det blomsterutdeling og Twist til aktørane!

2018-12-20 20.43.55_690x352.jpg
Men det var ikkje slutt med det! Vi fekk ekstranummer, ikkje noko mindre enn "O helga natt" med alle aktørane, også dansarane, bak barytonsoloen til Sverre Johan Aal - og han tok høgtonen i siste refrenget!

 

IMGP7811
IMGP7814
IMGP7818
2018-12-20 20
2018-12-20 20
2018-12-20 20
IMGP7755-001
IMGP7758
IMGP7775
IMGP7790
IMGP7798
IMGP7804
IMGP7809