
I godt selskap med Per Petterson, Jørn Lier Horst og Gunnar Staalesen
Tiger nominert til bokhandlarprisen
Halvparten av dei nominerte i år har aldri vore nominerte før. Andre har vore nominert og vunne prisen tidligare. Tiger Garté er nominert for romanen "Fuglehotellet, som nyleg vart lansert. Det kan du lese alt om her på Trollheimsporten i saka: - Jeg er stolt av gutten min - noko bestemot Anny Hilstad sa. Handlinga i "Fuglehotellet" er lagt til Sunndalsøra og verket, ein sterk personleg roman som handlar om sjølvmord og bestefar til Tiger Garté.
Blant forfattarne som har fått bokhandlarprisen tidlegare er Jo Nesbø, Erik Fosnes Hansen, Anne B. Ragde, Lars Saabye Christensen og i fjor Jørn Lier Horst, som og er nominert i år. Bokhandlarprisen vart delt ut første gong i 1948.
Under Tiger Garté saman med bestemot Anny Hilstad under lanseringa av "Fuglehotellet":
'