Leserinnlegg _200x200

Lesarinnlegg

Til å undrast over

Vi har fått eit lesarinnlegg som handlar om livsstil. "Di meir vi et, di meir må vi prøve å slanke oss, gå på trimstudio og sveitte – ", innleier brevskrivaren. Les heile innlegget nedafor!

 

 

 

Til å undrast over ?

 

  

Di meir vi et, di meir må vi prøve å slanke oss, gå på trimstudio og sveitte – og enkelte av oss må til og med på operasjonsbordet for å bli lettare. Men likevel stig den gjennomsnittlege vekta vår – år for år, anten vi tar utgangspunkt i 10-åringar, (feite) 40-åringar eller 60-åringar, gutar eller jenter, menn eller kvinner. Og di fleire skavankar som melder seg fordi kroppen får for lite mosjon, dess meir medisin og fleire piller får vi utskrive – der vi kanskje heller burde fått utskrive joggesko, spaserturar og dagleg fysisk aktivitet?

 

Og di meir vi bygger av idrettshallar, skiarenaer, slalåmbakkar og golfbanar, dess færre blir det som nyttar dei, og dess større blir gapet mellom dei som brukar og dei som ikkje brukar. Det er fleire tiår sidan vi hadde fleire hoppbakkar enn skihopparar her i landet – men likevel er det stadig høge rop om det store etterslepet når det gjeld idrettsanlegg. Men folks fysiske form synest å bli stadig dårlegare - skolerekordane i idrett er t.d. fleire tiår gamle, på dei skolane som følgjer med slikt. (I USA blir skolerekordane ofte markert tydeleg i vestibylen – så der kunne ein alt for fleire tiår sidan sjå utviklinga klart).

 

 

Men likevel held vi fram med å endre samfunnet rundt oss, med fleire rulletrapper, heisar, snøskutarar, bilvegar og bilar. Kvar dag blir rundt 200 000 barn sende med buss til og frå skolen – og ein svært stor del av dei burde heller få sin daglege mosjon til fots eller på sykkel. Minst 60 minutt dagleg fysisk aktivitet for barn og ungdom, tilrår fagfolk, noko som også ville bety betre trivsel og betre skoleresultat for dei berørte. Men det måtte samtidig bety at vi innsåg at kroppen treng mosjon like mykje som mat, at vi rekna mjuke trafikantar som minst like viktige som bilistane, og at ”asfaltkameratane” og vi andre oppfatta at gang- og sykkelvegar ikkje berre er eit rettferdskrav, men eit spørsmål både om samfunnsplanlegging, trafikktryggleik og om folkehelse.

Men det er vel for optimistisk å tru?

Eivind Hasle