
Til alle kommunar i Møre og Romsdal
Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen har laga eit informasjonsskriv om framande skadelege planter i Møre og Romsdal. Dette er planter som utgjer ein høg risiko for spreiing i fylket vårt.
Vi ønskjer at kommunane er med på å spreie denne informasjonen ved å legge ut link på heimesida si, slik at vi kan nå ut til folk flest. De finn også lenker til artskart som viser alle registreringer som er gjort av desse artane i fylket vårt til no. I desse karta kan de zoome inn på kommunenivå for å sjå om artane er registrert i kommunen dykkar. De har dermed moglegheit til å tilpasse innhaldet til dykkar kommune. Artikkelen er i tillegg sendt ut til alle aviser. Dokumenta ligg her!