Leserinnlegg 

Leserbrev fra Bernt Bøe

Til folkevalde i Surnadal

Du som sit i Surnadal kommunestyre, veit at du har fått tillit og dermed ansvar ut frå partiprogram og lovnader. Vi som trudde deg og valde deg inn, har rett til å kreve at du held ord: Er å lite på! Anført av etatsjef, ordførar og oppvekstleiar trugar no eit fleirtal med å rasere snart 300 år gamle Bøfjorden skulekrets - stikk i strid med program, lovnader og vedtak. Med ein framgangsmåte som tener kommunen til lita ære.
 

Lova gir foreldra ansvaret og rettane ved oppseding av barna – skulen skal pr definisjon «hjelpe til».
Berande prinsipp er og må alltid vera at foreldra vil og veit sine barns beste. Og hovudønsket i Bøfjorden er at lova om nærskule skal gjelde også her. 

Folkevalde – og publikum, sjå: Skuleadministrasjonen snur fakta og prinsipp opp-ned. Systematisk er foreldrefleirtalet motarbeidd. Direkte usannheter blir framstilt som realitet. Det er ein politisk skandale viss Bøfjorden skule blir nedlagt, mot eintydige program, lovnader og vedtak som veljarar, publikum og foreldre trudde på.

* Våren 2009 vart kretsane inviterte til folkemøte for å uttale seg om skulestruktur. På bakgrunn av massivt eintydige svar vedtok kommunestyret da å behalde kretsane uendra.
 
* Men kva var vedtaket verdt? Straks – som lyn frå klår himmel, utan høring og saksprosess – slo rådmannen (les: oppvekstetaten) til med administrativ samanslåing av utkantkretsane, i realiteten første skritt i nedleggingsprosessen.

* Dei negative personlege og praktiske følgjene kan vi ikkje ytre offentleg. Men her laga kommunen sjøl problemet med rekruttering i Bøfjorden – seinare bruka som argument for nedlegging.

*Våren 2011 finn den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT; i realiteten ein enkeltperson) læringsmiljøet i Bøfjorden problematisk. Foreldra får sjokk når dette også året etter(!) blir argument for nedlegging! Frå august 2011 til sommaren 2012 er dei ikkje tekne inn i nokon prosess med miljøvanskar, slik reglane krev. På spørsmål svarar etaten at det gjeld enkeltelevar/heimar. Korleis da grunngje nedlegging av heile skulen med dette?

* I 2011-12 er Bøfjord-elevar to vekedagar flytta til Bæverfjord oppvekstsenter – på ein dags varsel, igjen utan høring.

* Bøfjord-kretsen presenterer skisse til ny-organisering («ute-skule») – utan formelt svar.
(Påstand i kommunestyresalen om at ideen «ikkje held mål» er ettertrykkeleg tilbakevist med anerkjennelse frå toppfolk i «Den Naturlege Skolesekken».)

* Høringsmøte juli 2012 om samanslåing Bø/Bæ: Nedlegging presentert – m.a. pga. mannskapsmangel i Bøfjorden. Nymeldt interesse for jobbane blir ignorert. Høringsfrist 1 månad - i sommarferien! (Skal vera minst 2).

* Høringsuttale: 70% av heimane krev undervisning i Bøfjorden. Likevel påstår etaten at «foreldrene er glade for det vi gjør» og viser til «oppmoding frå foreldre i Bøfjorden» om permanent flytting! Lokalpressa trur dette gjeld majoriteten og gir publikum inntrykk av at foreldra vil det motsette av det dei har skrive under på.

* På nyyåret 2013 kan foreldra vise at enda høgare prosentdel vil ha skulen i Bøfjorden!

* Du folkevalde må anten ta dette inn over deg eller la feil bestemme. (Punkta nedafor viser dessverre at vår dokumentasjon i høringssvar og gundige brev ikkje er tatt på alvor.)

* August 2012: Kommunestyret vedtek at samanslåing 2012-13 er midlertidig og lovar aktiv innsats for å bemanne Bøfjord-skulen.

* Det siste er aldri gjort: Nokre veker etter sjokkerer oppvekststyret (OS) og startar nedleggingsprosess! Eg spør: Var de OS-medlemmer førebudde på å sette kommunens augustvedtak til side da?

* Uttalar som «Få det unnagjort ... La oss unngå seigpining.» (Driva 23.11.12) røpar at folk i OS er overkjørt av etaten og ser nedlegging som noko «uunngåeleg».

* Desember 2012: Fleirtal i kommunestyret støttar OS-ønsket. Endeleg avgjerd skal skje i februar 2013.

* Den 13.12 lagar etaten høringsdokument. Det må etterlysast på nyåret og er i realiteten utlagt først 4. januar. Enn fristen da?

* Høringsmøte 09.01: Invitasjon (foreldre + tilsette Bæverfjord oppv.s.) via brev med elevane eit par dagar før. Tilsette ved Bøfjorden oppv.s. ikkje invitert. Møtet lagt til Bæverfjord oppv.s., sjøl om saka gjeld nedlegging av i Bøfjorden. Respekt?

* I samband med møtet seier ordføraren at han alt «har bestemt seg» for å legge ned. Sa vi «høring»?

Pedagogikk er krevande. Like fullt står politikaren fram som «ekspert». Og floskelen «til barnas beste» kan nok klinge vakkert. Men utan reelt innhald er den kun arrogant overformynderi.

Etaten brukar endatil FNs Barnekonvensjon mot foreldra i Bøfjorden - for nedlegging: «Ved alle handlinger som berører barn, ... skal barnets beste være et grunnleggende hensyn.» Kjære! Kven veit «barnas beste» betre enn det store fleirtal av foreldre? Verken ordførar, etatsjef eller OS-leiar har moralsk rett til å umyndiggjera heimane – aller minst ved misbruk av dette FN-sitatet. (Som eigentleg er eit sterkt argument FOR foreldra si sak!)

 

«Landslaget for nærmiljøskulen» (LUFS) burde med sin kompetanse vore konsultert. Da kunne påstandar ha vorte prøva og saka fagleg nyansert. LUFS er ikkje imponert over saksframstillinga og påpeikar mangt som støttar oss i vår kritikk.

* Høringsfrist skal vera 2 månader
* «Elevane i fokus, godt læringsmiljø og godt fagmiljø» er målsetting – ikkje grunn for nedlegging!
* Samfunnsmessige følgjer ikkje teke omsyn til
* Økonomiske følgjer ikkje dokumenterte
* «Helse, trivsel og læring» har ingen ting med skulestørrelsen å gjera
* Feil påstandar om nasjonale prøver
* «Uærleg saksutgreiing» når etaten nyttar læreplan /skulestørrelse som argument
* Møreforsking har sterk dokumentasjon mot fleire av påstandane

LUFS seier elles at «faglege, pedagogiske og arbeidsmessige» fordeler med nedlegging på ingen måte er underbygd i saksutgreiinga. Den vitnar om manglande kunnskap i fådelt-pedagogikk, oppfyller ikkje kravet om balansert framstilling og «framstår difor som eit partsinnlegg der kommunen før vedtak allereie har konkludert».

 

Ved nedlegging er privatskule eit reelt alternativ i Bøfjorden – med interesse frå fleire bygder. Vi som har hatt tru på felles offentlege skule som arena for god og trygg oppvekst, håpar enno å unngå dette. Men det som oppvekstsjef, - leiar og ordførar no har sett i gang, med folkevalde på slep, kan få uante konsekvensar for heile oppvekststrukturen i framtida.

Og det var ikkje det vi valde dykk til!
Bernt Gudrunson Bøe
 

 

 Du finn fleire lesarinnlegg her under På Porten - Lesarinnlegg