Til Sverige på LAN
Torsdag denne veka dreg E-sportgjengen på Nordmøre Folkehøgskule til Jønkøping i Sverige for å delta på Dreamhack, verdens største LAN.
Det er eit enormt program der, og gjengen skal delta på turnering både i League of Legends (LoL) og CS. Dreamhack i Jøkøping er enormt. Forrige Dreamhack var det over 20.000 maskiner kopla til der. Gutta fra folkehøgskulen har ambisjoner på alle vis, og dei håpar på å hevde seg mellom dei beste.
Det skal bli spennande å følge den ambisiøse gruppa på Nordmøre Folkehøgskule.
Lærar Ole Andreas Skår ser fram til Sverigeturen, og trur at dette kan ta gruppa enda eit hakk opp.
- Å dra på eit så stort LAN, med eigne drakter og greier, kan gje oss ein skikkeleg boost, seier Ole Andreas Skår.
Tekst og foto: Kjell Gunnar Polden/NoFo