
Til topps i Gründercamp
Campen starta med at elevane fekk utdelt oppgåve og vart delt inn i grupper på tvers av klassane. Det var foreninga "Surnadal for grenser" som stod som oppdragsgivar bak følgjande problemstilling:
"Året er 2020. Aftenposten har førstesideoppslag frå indre Nordmøre, kor ein kan lese at regionen, med Surnadal i spissen, har vunne den prestisjefylte prisen: ”The European Supreme Youth Prize”. Prisen er eit resultat av eit samarbeidsprosjekt mellom fleire aktørar.
Kriteria for konkurransen er følgjande:
1. God helse, psykisk og fysis,k blant unge.
2. Minimum av ulykker og vald blant unge.
3. Høg trivsel og god tru på eigne ferdigheiter, eit sterkt ønske om å bidra til utvikling i eigen region.
4. Gode resultat på skulen, godt over snittet for resten av landet, og nærast ingen fråfall.
5. Høg tilflytting til kommunen.
6. Usedvanleg godt entrepenørskap- (høg grunderånd – mange nyetableringar).
Ta utganspunkt i ein eller fleire aktørar som har jobba for ungdomskulturen i Surnadal kommune desse 8 åra. Beskriv ideen og lag forretningsplana.
Det var ei krevande og vanskeleg oppgåve, men dei fleste gruppene arbeidet godt begge dagane. Tysdag var kvar gruppe inne til dommararne for å leggje fram sitt prosjekt. Juryen bestod av Liv Dalsegg (Surnadal Sparebank), Lars Sæther (MOT i Surnadal), Lars Olav Tunheim (MOT i Halsa), Janne Husby Haugen og Gyrid Madsen (begge frå "Surnadal for grenser").
Etter at alle gruppene hadde lagt fram sin forretningside for juryen, vart dei tre beste gruppene premiert. 1.premien var 300 kroner til kvar deltakar på gruppa sponset av Surnadal Sparebank. 2.premien var gåvekort på Byggmakker til alle på gruppa, og 3.premien var kinobillettar frå Surnadal Kulturhus. Den gjevaste premien gjekk til gruppa som hadde ei plan om å få grundervirksomhet inn på timeplana, som eit obligatorisk fag på vidaregåande skole, der elevane har tett kontakt med lokalt næringsliv, med mykje praktisk arbeid som eit viktig punkt.
På vinnarlaget var Mariel D.Hovde, Fredrik B.Moen, Andreas D.Sæter, Bjørn Eirik Solbakken og Lone Andreas D.Husby.
2.plass: Audun With Aasgård, Andreas Einmo, Lars Kristian Ø.Kvande, Joakim Andersen, Astrid L.Kvendset og Arne S.Sande.
3.plass: Marthe Victoria Henninen, Inger Svanem, Ingrid Hausberg, Kenneth Ø.Sørvik, Espen G.Skralthaug og Lena S.Nilsen.
Lærarane Liv Marit Berset og Per Egil Fiske er personane bak gjennomføring av Gründercamp på Surnadal vidaregåande skole, og begge fortener ros for sin innsats.
![]() |
![]() |