Til topps i Svinvika
I Svinviks arboret blomstrar det heilt til topps! Laurdag opna arboretet for denne sommarsesongen. Rododendronblomstringa er alt i gang, så det er absolutt verd å ta ein tur dit.
Blomstringa varer ei god stund utover sommaren, så du kan gjerne ta fleire turar.
Arboretet er opent denne helga, og onsdag til søndag frå kl.11.00 til kl.16.00 heile sommarsesongen.
Det ser ut til at denne sesongen kan bli ekstra blomsterrik om varmen og veret elles blir bra. Plantene er svært rike på knoppar. Det er så mange sortar at blomstringa varer langt utover sommaren
Katarina Wedelsbäck-Bladh, fagleg ansvarleg og Maja Frønes leiar for arboretet viste oss rundt i arboretet heilt til topps, der store rododendron var i full blomstring.
I Svinviks arboret vil du treffe desse damene i sommar: Fremst: Katarina Wedelsbäck-Bladh, Kari Forslund og Maren Saltrø. Bakom: Maja Frønes og Hilde Staveli Solli. Kristine Svinvik var ikkje tilstades denne dagen.
Nytt av året er at dei arbeider med eit peonbed for å få fargerike blomstrar seinare i sesongen også. Det kan bli ein ny attraksjon!
Svinviks har tidlegare hatt ein stor frukthage. Den har ikkje vore halde i hevd. No skal den byggast opp att. 300 nypoda frukttre står klare til utplanting. Dersom alt går godt, så blir det fullt av epletre, plommetre og kirsebærtre i dei gamle terassane ved sida av hovudhuset i Svinvika. Det vil gje ein ny blomsterflor på forsommaren, og fin frukt om hausten.
Vi legg til at det blir salg av både rododendron og eit utvalg av andre norske stauder i sommar.
På kjøkkenet vert det trolla fram god servering til gjestane, - nedafor: eplekake med is! Berre det er verd turen til Svinviks Arboret.
Sjå mange bilde nedafor!