Tilbake til Nidaros
Denne søndagen var det stor markering i Rindal kirke av at frå nyttår er Rindal sokn tilbake til Nidaros Bispedømme etter 36 år, da dei vart med i det nystarta Møre Bispedømme.
Bildet over viser frå venstre: Dagfinn Thomassen – prost i Orkdal prosti Ingeborg Midttømme - biskop i Møre, (bak) Elsa Jensvold - trusopplærar i Rindal, Lene Gåsvatn – sokneprest i Rindal, Vibeke Langli - ordførar i Rindal, (bak) Ingeborg Nordlund - kyrkjeverge i Rindal og Surnadal, Vidar Wilhelmsen Rygh - sokneprest i Surnadal, (bak) Johanne Bjørkhaug - kantor i Rindal, Herborg Finnset – biskop i Nidaros, Leif Endre Grutle – prost i Indre Nordmøre prosti og (bak) Leif Ove Grytbakk - soknerådsledar i Rindal.
Inngangsprosesjon med barnekoret først.
Rindal har vore ein del av Trøndelag fylke sidan siste nyttårsskifte, og no er tida kommen for at kyrkja følgjer med.
Biskopane var glade for å vere med på denne synlege markeringa av overgangen til anna bispedømme, men det var understreka at kyrkja og menigheta er den same, og den samlar seg om den same evige bodskapen, to bispedømme, men eitt fellesskap!
Ved starten av gudstenesta vart dei tre adventslysa for 3. søndag i advent tent av barn frå barnekoret (under), som også deltok med song i lag med songkoret Caritatis frå Meldal.
Songkoret Caritatis frå Meldal.
Kantor Johanne Bjørkhaug leda salmesongen i lag med Hilde Staveli Solli (over) og Rindal Barnekor og Caritatis frå Meldal (under).
Biskop Ingeborg Midttømme helsar kyrkjelyden og overlet Rindal sokn til biskop Herborg Finnset i Nidaros bispedømme (under).
Preiketeksta til Nidarosbiskop Herborg Finnset (over) var henta frå Matteus 11, 2-11:
I fengselet fikk Johannes høre om alt Kristus gjorde. Han sendte bud med disiplene sine og spurte:
«Er du den som skal komme, eller skal vi vente en annen?»
Jesus svarte dem: «Gå og fortell Johannes hva dere hører og ser:
Blinde ser, og lamme går, spedalske renses, og døve hører, døde står opp, og evangeliet forkynnes for fattige.
Og salig er den som ikke faller fra på grunn av meg.»
Da de gikk, begynte Jesus å tale til folket om Johannes: «Hva dro dere ut i ødemarken for å se? Et siv som svaier i vinden?
Nei! Hva gikk dere ut for å se? En mann kledd i fine klær? De som går i fine klær, bor i kongenes slott.
Hva gikk dere da ut for å se? En profet? Ja, jeg sier dere: mer enn en profet!
Det er om ham det står skrevet:
Se, jeg sender min budbærer foran deg,
han skal rydde veien for deg.
Sannelig, jeg sier dere: Blant dem som er født av kvinner, har det ikke stått fram noen større enn døperen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han.
Johannes var i fengsel, og dagane hans var mørke. Adventstida er også ei mørk tid, men vi ventar på lyset. Johannes skulle eigentleg vore saman med Jesus, så i fengsel kom tvilen. - Er du den som skal komme? Johannes leita etter sanninga, liksom mange av oss gjer idag. Mange spør seg: Er det plass til meg i kyrkja? Ingen kan vel tru utan at tvilen dukkar opp. Johannes, vekkelsespredikanten tvila også. Kva melding fekk Johannes tilbake?
«Blinde ser, og lamme går, spedalske renses, og døve hører, døde står opp, og evangeliet forkynnes for fattige.»
- Kjære Johannes, kjære tvilar! Løfta blir oppfylte i dag også, sa biskopen. - Jesus kjem til oss der vi er, slik vi er.
Under nattverden, som vart utdelt av biskopar, prostar og prestar både ved altaret og i midtgangen, var det høve til å tenne lys i lysgloben, legge papirblomster i døpefonten, be bønner, eller legge bønnelappar eller stein i bønnekrukka, eller få god-ord frå ei korg i tverrgangen.
Prost Leif Endre Grutle gjorde altarteneste etter preika.
Biskopane avslutta gudstenesta med å lyse velsigninga over kyrkjelyden både på sørsamisk og norsk.
Utgangsprosesjon.
Etterpå var det kyrkjekake og kyrkjekaffe og mingling i midtgangen og ved det fine langbordet som barnekoret hadde pynta.
Soknerådet skal ha stor ære for den trivelege kyrkjekaffen!
Stiftsdirektør i Møre Bispedømme Bjørn Storehaug hadde blomsterhelsing til soknerådsledar Leif Ove Grytbakk og til sokneprest Lene Gåsvatn (under) og takka henne for samarbeidet i Møre.
Kyrkjetenarane Jan Brødreskift og Ola Ytterdal (i midten) omkransa av biskop Ingeborg og biskop Herborg. Det er desse karane som sørger for at alt det praktiske er lagt tilrette for gudstenesta. Denne adventsøndagen merka vi oss spesielt at korveggen hadde fått lett lilla farge frå små ledlys!