watermarked_thumbnail

Tilbake til "normalen" i Surnadal

Sommarferien er over, og både symjehallen og biblioteket i Surnadal er tilbake til "normale" opningstider. Hovudbiblioteket har frå 1. september desse opningstidene: Måndag og onsdag klokka 11.00-19.00, tysdag og torsdag 11.00-16.00, fredag 11.00-15.00 og laurdag 11.00-14.00. Todalen filial: Torsdagar 18.00-20.00. Symjehallen opnar også 1. september og følgjer skuleruta. Dei ulike opningstidene og prisane finn du her.