
... og snart blir Surnadal Kino digitalisert
Tilbyr kulturrabatt til dei unge

Kulturrabatt er eit fylkesprosjekt for å få ungdom til å engasjere seg meir i kultur. Surnadal kommune lar prosjektet omfatte kinoen, der alle mellom 15 og 20 får 25 prosent rabatt på billettprisen.
- Det einaste du behøver å gjere, er å vise fram legitimasjon og seie at du vil ha kulturrabatt, fortel Lilli Husby om ordninga.
Mot slutten av mars blir Surnadal Kino digitalisert. Det vil seie at det gamle systemet med 35 millimeter film går ut, og at nytt digitalt utstyr kjem på plass. I tillegg blir det installert utstyr for vising av film i 3D og lyden blir noko oppgradert.
Med det håpar også Surnadal Kino å få langt større tilgang på premierer og større fleksibilitet. Dei fleste kinoane i Norge er digitalisert allereie, og difor har talet på 35 mm-kopiar gått kraftig ned. Dette har Surnadal Kino lidd under den siste tida. Ventetida på kopiar har vore lang og tilgangen på nye titlar har vore liten.

.png)

