Lodve Solholm skjermdump pressekonferanse

Tilrår kommunesamanslåing på kort og lang sikt

Mandag la fylkesmann Lodve Solholm fram si tilråing til ny kommunestruktur i Møre og Romsdal. Fylkesmannen oppfordrar Rindal til å gå inn i Orkland kommune. Han tilrår at Surnadal og Sunndal består som eigne kommunar på kort sikt, og at dei arbeider for samanslåing på lengre sikt.

- Rindal har søkt seg til Trøndelag sjøl, og vi respekterer jo det. Det har begge fylkesmenn blitt enige om, seier Lodve Solholm på spørsmål frå NRK.

kommunekart.jpg


Dette skriv NRK Møre og Romsdal:

Fylkesmannen meiner Rindal er for liten til å stå aleine, og dei bør derfor flytte inn i en større kommune.

– Vi vil gå inn for at Rindal flytter over til Sør-Trøndelag. Dei må snarast inn i forhandlingar for å komme inn i en større kommune. Intensjonsavtalen for å komme inn i ein større Orkland kommune er et arbeid som bør fortsette, meiner fylkesmannen.

Fylkesmannen seier at Todalsfjord-prosjektet er ei av dei viktigaste forutsetingane for samanslåing av Surnadal og Sunndal. Dei to kommunane bør gå saman og bygge eit regionalt tyngdepunkt på indre Nordmøre.

– Sju kommunar er det vi meiner svarar dei måla som kommunereforma sett. Sju kommunar vil stå seg over tid, seier Solholm.

Dei sju kommunane fylkesmannen går inn for er: Nye Ålesund, Nye Molde, Nye Kristiansund, Nye Hareid, Nye Ørsta, Nye Sykkylven og Stranda, Nye Surnadal og Sunndal.

Fylkesmannen vil likevel ikkje gå så drastisk til verks med ein gong, men foreslår at ein først reduserar fra dagens 36 til 16 kommunar for å gjere overgangen meir smidig. På sikt ønsker han seg likevel inndelinga med sju kommunar.


Les heile saka på NRK Møre og Romsdal sine nettsider.


Foto: Skjermdump frå overføring av pressekonferansen mandag (Fylksmannen i Møre og Romsdal)