Tilrår nedlegging av elektrofag i Surnadal
Utdanningsutvalet i Møre og Romsdal har møte 14. november. Der skal dei mellom anna gjere vedtak om tilbodsstrukturen for vidaregåande opplæring i fylket. Fylkesrådmannen tilrår mellom anna at utdanningsprogrammet Elektrofag ved Surnadal vidaregående skole blir lagt ned f.o.m. skoleåret 2020/2021.
Fylkesrådmannen tilrår følgjande endringar i tilbodsstrukturen for inntaksregion Nordmøre:
1. Sunndal vgs
a. Legge ned utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk f.o.m. skoleåret 2020/2021.
b. Legge ned programområdet Vg2barne- og ungdomsarbeiderfaget (HO) f.o.m. skoleåret 2020/2021.
c. Tilføre Vg2automatisering og Vg3automatiseringsfaget (EL) frå Surnadal vgs. f.o.m. skoleåret 2020/2021.
2. Surnadal vgs
a. Legge ned utdanningsprogrammet Elektrofag f.o.m. skoleåret 2020/2021.
3. Tingvoll vgs
a. Legge ned småskalatilbodet Bygg og anleggsteknikk f.o.m. skoleåret 2018/2019.
b. Legge ned småskalatilbodet Elektrofag f.o.m. skoleåret 2018/2019.
Utdrag frå saksframlegget:
Den største utfordringa med tilbodsstrukturen på Nordmøre, er å tilpasse seg den forventa nedgangen i elevtalet for indre delar av regionen. Alt i 2026, er det forventa at det samla elevtalet ved Surnadal og Sunndal vgs kan vere redusert med om lag 130 elevar og det meste av denne nedgangen er venta i løpet av 3-4 år fram i tid. Med så stor nedgang, er det vanskeleg å halde fram med same breidde i utdanningstilbodet ved begge desse skolane.
.
Fylkesrådmannen si vurdering:
Både i Sunndal og Surnadal er det naturleg nok stor motstand mot framlegg om å legge ned tilbod ved skolane. Primærsøkinga til Bygg- og anleggsteknikk har vore noko varierande ved begge skolane medan søkinga til vg1 elektrofag har vore meir stabilt god ved begge skolane. På bakgrunn av dette er det lett å skjøne at mange er skeptiske til forslaget. Problemet er at det om få år, ikkje vil vere nok elevar ved kvar av skolane til å oppretthalde alle tilboda dei har i dag. Slik framskrivingane av elevtalet ser ut, vil det vere mange nok til å ha brukbart omfang på alle program i 3-4 år til, men etter den tid vil endringar tvinge seg fram. Dersom det ikkje skjer vesentlege endringar i elevgrunnlaget eller søkinga, ser det ut som skoleåret 2020/2021 er eit fornuftig tidspunkt for gjennomføring av desse endringane. Dei fleste er einige om at behovet for helsearbeidarar er større enn behovet for barne- og ungdomsarbeidarar. Med bakgrunn i forventa elevnedgang samla sett er det difor barne- og ungdomsarbeidarfaget tatt ut ved Sunndal vgs.
Det vert både frå fleire hald, både i Sunndal og Surnadal peika på behov for fagarbeidarar innanfor dei aktuelle utdanningsprogramma, men det hjelper lite å oppretthalde talet på elevplassar når det ikkje er elevar nok til å fylle dei. Det er kanskje rett at næringslivet i dei kommunane som «mister» eit utdanningsprogram vil oppleve at tilgangen på arbeidskraft vert noko mindre innan dette fagområdet, men dette er den vanlege situasjonen for dei fleste av kommunane i fylket. Det at elevane må pendle eller bu på hybel for å ta vidaregåande opplæring ein annan stad enn heimkommunen betyr ikkje at dei ikkje kan ha tilknyting til lokalt næringsliv og få fagopplæringa si i lokale bedrifter. Alle vidaregåande skolar i fylket må dekke eit større område enn heimkommunen og samarbeide med næringsliv i ein større region.
Det same gjeld også for elevar som soknar til Tingvoll vgs. Alle dei tilboda som det i dag vert gjeve tilbod om som småskalatilbod/halvklasser er tilgjengelege på ein eller fleire av dei andre skolane i regionen og det er vurdert at kapasiteten er god. I høve til målsetjingar om mellom anna styrking av fagmiljø og effektiv driftsøkonomi, ser ein ikkje behov for å oppretthalde desse tilboda. Det er også vurdert å vere ein dårleg situasjon at utdanningsprogramma har så lav søking at det er lite føreseieleg om dei vert sett i gang frå det eine året til det andre. Sjølv om dei får opplæringa si ved ein av dei andre skolane, kan dei framleis ha læreplassane sine ved lokale bedrifter. Dersom ein skulle likebehandle dei andre distriktsskolane i fylket ved å opne opp for å gje liknande tilbod, vil dette bli svært kostbart for fylkeskommunen. Det er god kapasitet ved dei andre skolane i regionen også på kort sikt og desse tilboda kan difor leggast ned frå og med skoleåret 2018/2019.
Når det gjeld det tilrådde tiltaket for Service og samferdsel ved Kristiansund vgs, er det varsla så store endringar for utdanningsprogrammet at dette må leggast fram i eiga sak seinare. Dette er i samsvar med vedtak i sak om YSK-tilbodet 12.05.2016, UD-18/16.
Det har i høyringa kome innspel om å etablere eit tilbod innan Naturbruk/marine fag ved Kristiansund vgs. Dette er noko som skolen eventuelt må planlegge og konkretisere meir, og er ikkje teke stilling til i denne saka. Dersom eit slikt tilbod vert sett i gang må ein i strukturen gjere ein tilsvarande reduksjon på elevplassar ved andre tilbod i inntaksregionen. Ei slik etablering må også vurderast i samanheng med tilsvarande tilbod ved Fræna vgs og tilgangen på praksisplassar i næringa.
Dersom det planlagde Todalsfjordprosjektet skulle bli realisert, er det foreslått å vurdere ei ytterlegare samkjøring av tilbodsstrukturen for skolane i indre delar av regionen.