
Tilset ny medarbeidar for bygdebokprosjektet
Kommunestyret vedtok i september i fjor at kommunen skulle starte opp prosjektet med revidering av bygdebøkene for Surnadal. Arbeidet fikk det som i sakspapira blir omtala som "ein litt treg start", mellom anna fordi det ikkje var midlar til å tilsetje sekretær frå 1. januar, slik som det sto i vedtaket frå kommunestyret.
Sekretæren vart tilsett frå 1. august, frå same dato har det også vore prosjekthjelp i cirka 70 prosent frå NAV. Men prosjektet er så omfattande at bygdeboknemnda har hatt ønske om å tilsette ein prosjektmedarbeidar i 50 prosent stilling for å bidra i skrivearbeidet og lenkingsarbeidet.

Prosjektstart var opprinneleg lagt til 01. januar 2010, men vart ikkje før midten av september. Det er difor urealistisk både i forhold til kyrkjebokavskriving og innsamlingsarbeidet at første bok kjem ut i 2013. Realistisk mål er no sett til jula 2014. Vidare framdriftsplan er ei bok i 2015 og deretter to bøker kvart år fram til og med 2019.
Bygdebøker av god kvalitet er god salsvare, og samanlikna med andre kommunar meiner bygdeboknemnda at opplag på 2250 per bok er realistisk. Da den siste bygdeboka for Åskard kom ut vart opplaget på 1000 bøker utseld på kort tid. Biblioteket melder og om fortsett sal av dei gamle bygdebøkene for Surnadal.
I sakspapira heiter det: "I vedteke budsjett er der kalkulert med 750.000 kroner i inntekter året etter at første bok er gjeve ut, det vil seie i 2015. Det er da 3 bøker ute til sal. Etter erfaringar frå Rindal kommune kan ein rekne med at inntektene ved utgjevingstidspunktet blir relativt høge. Vi har økt budsjettet for sal frå kr 750.000 til kr 1.155.000 i 2015. Det ser dermed ut til at økt forskottering i perioden 2011-2014 blir tent inn alt i 2015".
Totalt forskotterer Surnadal kommune 3.098.628 kroner fordelt over sju år til bygdebokprosjektet.

.png)

