Tilsynelatande stor pågang på valgdagen
Allereie frå morgonen av måndag danna det seg køar av folk som ville stemme ved Surnadal kulturhus. Vallokala er åpne til klokka 20.00, og klokka 21.00 vert resultatet av førehandsstemmene offentleggjort. I Surnadal har 693 (14,41 prosent) stemt på førehand, medan talet for Rindal er 288 (17,70 prosent).
I Surnadal er det måndag åpne stemmelokaler ved Surnadal kulturhus, Mo skule, Bæverfjord skule, Bøfjorden grendahus, Stangvik skule og Todalen skule.
Alle vallokala stenger klokka 20.00, før det blir nokre spennande timar for partia og listekandidatane. Før det kjem prognosar og etter kvart og mandat- og representantfordeling, vert resultatet av alle stemmene som kom inn på førehand publisert. Det skjer klokka 21.00 måndag kveld.
I år vart det sett ny rekord i antall førehandsstemmer i samband med eit kommune- og fylkestingsval. 875 584 stemmer kom inn innan fristen for førehandsstemming gjekk ut 6. september, og dette utgjer over 20 prosent av dei med stemmerett. I 2015 var talet godt under 600 000.
Lokalt i Surnadal og Rindal er andelen noko lågare. I Rindal har 1 627 personar stemmerett, og 288 (17,70 prosent) stemte på førehand. Av Surnadal sine 4 808 personar med stemmerett valte 693 å stemme før vallokala åpna, ein andel på 14,41 prosent.
Slik vart resultata ved kommune- og fylkestingsvalet i 2015:
Surnadal (opp-/nedgang fra 2011-valget i parentes):
Arbeiderpartiet: 43,5 % (-4,8) - 12 mandat i kommunestyret (-1)
Senterpartiet: 35,6% (+5,7) - 9 mandat (+1)
Høyre: 9,3% (+1,4) - 3 mandat (+1)
Fremskrittspartiet: 4,2% (-1,3) - 1 mandat (-1)
Miljøpartiet De Grønne: 2,9% (+2,9) - 1 mandat (+1)
Kristelig Folkeparti: 2,7% (-1,9) - 1 mandat (Likt som i 2011)
Sosialistisk Venstreparti: 1,5% (-1,2) 0 mandat (-1)
Venstre: 0,3% (-0,8)
Valdeltaking: 61,8 prosent.
Rindal:
Senterpartiet: 43,3% (-15,6) - 7 mandat i kommunestyret
Arbeiderpartiet: 40,8% (+12,2) - 7 mandat
Høyre: 11,0% (+2,9) - 2 mandat
KrF: 5,0% (+0,5) - 1 mandat
Valdeltaking: 68,9 prosent.
Trollheimsporten følgjer valet utover måndagskvelden.
I Surnadal kulturhus var det og bra med pågang med folk som ville stemme ved kyrkjevalet måndag morgon.