Jo Are Glærum - tippevinnar_250x166

Tippepremie til Jo Are

Ingen klarte å tippe rett resultat av cupkampen Surnadal-Molde i Trollheimsporten sin konkurranse. Men mange var berre eitt mål frå korrekt resultat, og blant desse har vi trekt ut Jo Are Glærum til vinnar av eit gåvekort på 300 kroner frå AMFI Surnadal!

Svært mange deltok i tippekonkurransen. Men at 1.rundekampen i cupen på Syltøran 13.mai "berre" enda 1-3, var det ingen som forutsåg.

'Dei fleste satsa på storseier til Molde, og dei største optimistane (ev. pessimistane...) sendte inn tips på resultat som 0-8, 1-9 og 0-13(!) i romsdalinganes favør. Faktisk var det berre ein tippar som trudde at Surnadal skulle klare å vinne oppgjeret mot Eliteserie-laget. Surnadal-MFK 1-3 var det altså ingen som prikka inn.

Men blant dei som var berre eitt mål frå å spå korrekt resultat, var surnadalingen Jo Are Glærum som tippa 1-4. Vi har trekt ut han som vinnar av Trollheimsporten sin konkurranse, der premien altså var eit gåvekort på 300 kroner frå AMFI Surnadal.