
Laget Vårsøg inviterer til julekonsert
Tjuvstart på Vårsøghelga
Det nye styret i Laget Vårsøg. Frå venstre fremst Henning Sommerro, Gerd Ingrid Kvendset, Karin Åsbø og Anne Vognild Einum. Bak: Leif Otto Frønes, Ingebjørg Loe Bjørnstad, Svein Sæter, Ingebrigt Røen og aller bakerst Karstein Mauset. Marit Larsdotter Moen og Oddrun Husby var ikkje til stades da bildet vart teke. Foto: Norunn Holten.
Surnadal er den einaste plassen på Nordmøre som får besøk av trioen som turnerer i Midt- Norge med julekonserten “Levd liv”. På konserten i Stangvikkyrkja blir trioen dessutan forsterka av Tone Søyset Døving, som også er aktuell med ny CD-singel no før jul. Konserten blir halde søndag 11. desember kl. 17.00, og det vil bli billettar å få tak i på www.billettservice.no og ved døra før konserten. Billettprisen er 270,- kroner. Sjølv om Stangvik kyrkje rommer 400 personar, kan det nok lønne seg å bestille billettar på førehand for dei som ikkje vil gå glipp av denne konserten. Artistane som deltek hentar inspirasjon frå eigne, levde liv i musikken sin, og Gerd Ingrid Kvendset ventar derfor at konserten vil bli både strek og varm.
Når det gjeld neste års Vårsøghelg, kan styreleiar Leif Frønes fortelje at dei allereie har ei lang liste med namn på artistar, og like eins ei lang liste med arenaer. Nokre har til og med allereie sagt ja til å stille på neste års Vårsøghelg. Styret held likevel korta tett til brystet når det gjeld kven det er vi skal få besøk av denne gongen. Laget lovar publikum pinsehelg, Kleivakveld og konsert i Stangvik kyrkje, og at dei også elles vil leggje lista omtrent som dei har gjort tidlegare. For å greie dette veit dei at dei har litt av ein jobb å gjera framover. Vårsøghelga i år sette ein høg standard. Trass i publikumsrekord og eit høgt antal artistar meiner Leif Frønes likevel at det er eit forbetringspotensiale. “Vi kunne ha gjort det betre økonomisk. Vi låg så å seie på balansepunktet, men vi kunne gjerne ha tenkt oss å sitte igjen med litt i pluss”, seier han. Dagleg leiar i Laget Vårsøg, Gerd Ingrid Kvendset, har likevel god tru på konseptet til Vårsøghelga. Det er ikkje tilfeldig kven som kjem på Vårsøghelg, seier ho, og peikar på at det berre er dei som passar inn i konseptet som blir inviterte som artistar. Så sjølv om ein i festivalbransjen må ta høgde for det uventa, har ho god tru på framtida for Vårsøghelga. “Ein må satse litt og!” slår ho fast. Henning Sommerro stiller også i år som kunstnarleg leiar for Vårsøghelga. For styret ligg det nok utvilsomt også ei tryggheit i dette.
Vi lovar meir informasjon om artistane på julekonserten seinare.