Ida og Kristoffer_1024x683

Seier i SBM-cup til Ida Mogstad og Kristoffer Berset

To cup-gull til Surnadal

Ida Mogstad og Kristoffer Berset frå Surnadal IL henta heim kvart sin seier i SBM-cup 2012 etter flott innsats i dei to siste renna som vart avvikla på Sunnmøre i helga. Det 5. rennet i cupen gjekk laurdag på Strandafjellet og det siste gjekk søndag i Valldal, begge under strålande værforhold. Sigrid Moen Bævre frå Øvre Surnadal IL fekk også pallplass i SBM-cup etter ein flott andreplass i søndagens renn i Valldag.

Ida Mogstad og Kristoffer Berset frå Surnadal IL fekk kvar sin sjekk på 1000,- kroner i premie for seieren i SBM-cup. Alle foto: Norunn Holten

Både Surnadal, Øvre Surnadal, Bæverfjord og Betna IL stilte med utøvarar i avslutningsrenna for skisesongen på Sunnmøre i helga. Nordmøringane var i klart undertal i forhold til representasjonen frå Romsdal og Sunnmøre, men dei utøvarane som stilte, leverte mange gode prestasjonar. Fleire oppnådde også sitt beste resultat denne sesongen, noko som sjølvsagt inspirerer til ny innsats til neste vinter.  Nordmøringane som tok den lange turen sørover, fekk også med seg ei skihelg som reint værmessig var eit solid plaster på såret for dei mange dagane i all slags tenkeleg grisevær tidlegare i sesongen. Det var solskin begge konkurransedagane, men på Strandafjellet  var det aller varmast, og mange gjekk i berre skjorteermane. Her var det brødskive i solveggen og ei god blanding av påske- og vårstemning!

Den aller sterkaste prestasjonen vart gjort av Ida Mogstad (jenter 16 år) og Kristoffer Berset (gutar 13 år), begge frå Surnadal IL, som vann klassane sine i SBM-cup 2012. Utøvarane har skaffa seg poeng etter plassering i seks skirenn gjennom sesongen, der dei fem beste renna blir teljande. Det er altså dei som har gjort den beste innsatsen i løpet av heile sesongen, som blir premiert her. Etter at det 6. og siste rennet var ferdig i Valldal søndag, vart det derfor også premieutdeling for SBM-cup. I tillegg til dei to vinnarane, var det fleire som kom blant dei tre beste i cupen. Sigrid Moen Bævre frå Øvre Surnadal IL kom på tredjeplass i klassen for jenter 14 år etter ei sterk sesongavslutning. Ole Sæterbø og Vegar Brøske frå Surnadal tok andreplass i kvar sine klassar; menn 19/20 år og menn 17 år. Tore Grendal Gjerstad, Betna, kom på fjerdeplass samanlagt i klasse gutar 15 år, og fjerdeplass vart det også på Ragnhild Mogstad. Jonas Aasbø og Helge Fjærli, Bæverfjord, kom begge på sjetteplass i sine klassar.

Rennet på Strandalfjellet laurdag vart arrangert av Sykkylven IL, og gjekk i klassisk stil. I Valldal på søndag var det duatlon med skibytte for dei frå 13 år og oppover. Dei yngste gjekk fristil. Kristoffer Berset og Ida Mogstad sikra seg seier i SBM-cupen gjennom å vinna renna sine begge desse dagane. Ragnhild Mogstad, Surnadal, vart på 3. plass i klasse jenter 13 år i begge renna. Sigrid Moen Bævre frå Øvre Surnadal IL kapra andreplassen i klassisk på laurdag, og vart nummer fire i duatlon på søndag. I klasse gutar 15 år vart Tore Grendal Gjerstad frå Betna på 3. plass i begge renna, og Jonas Aasbø, Surnadal, på 6. plass, også det i begge renn. Helge Fjærli frå Bæverfjord IL fekk 7. plass i klassisk og 8. plass i duatlon. Vegar Brøske slo til med seier i klasse gutar 17 år i klassisk på laurdag, og fekk andreplass i duatlon. Ole Sæterbø fekk andreplass både i klassisk og duatlon.  

Sidan SBM-cup er for dei frå 13 år og oppover, var det også nokre utøvarar som deltok på Sunnmørsrenna utan å vera med i cupen. Av desse leverte Njaal Aakvik frå Betna to sterke løp, og gjekk fortast av gutane i 10- årsklassen begge dagane. Broren Martin stilte i 12-årsklassen der han vann klassiskrennet på laurdag, og vart nummer tre i fristil på søndag. Signe Larsen, Surnadal i.l., presterte årsbeste med tredjeplass på Strandafjellet, og vart nummer fem i fristil i Valldal.

Vil du sjå heile resultatlista frå rennet laurdag 24. mars, kan du klikke her.

Sjå resultatlista frå søndag 25. mars ved å klikke her.

Sjå samanlagtlista for SBM-cup 2012 ved å klikke her.

 

Njaal Lundemo Aakvik frå Betna IL gir jernet ut frå målområdet på Strandafjellet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Over til venstre: 12 år gamle Signe Larsen frå Surnadal var godt fornøgd med årsbeste og tredjeplass i klassisk på Strandafjellet.

Over til høgre: Vegar Brøske på toppen av pallen etter god innsats på Strandafjellet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ragnhild Mogstad  og Martin Lundemo Aakvik gjorde begge ein solid innsats i skisporet på Sunnmøre i helga.

Sigrid Moen Bævre, Øvre Surnadal IL, kom på andreplass i duatlon etter Sigrid Ertresvåg Jakobsen frå Emblem. På dei neste plassane kom Vilde Brenne Bjerkeset frå MOI og Synnøve Eik frå Tomrefjord.

Ida Mogstad i full fart mot seier på duatlon i Valldal.

Tore Grendal Gjerstad frå Betna IL greidde 3.plass i duatlon trass i at han gjekk eit stykke med berre ein stav. Ein ny bekjentskap frå Ungdomsbirken tidlegare denne sesongen langa han staven sin og kan nok derfor ta litt av æra for den gode plasseringa.