To førarkort beslaglagt etter breisladding med bil i Surnadal
Politiet melder på Twitter fredag kveld at to unge menn har fått førerkortet beslaglagt.
I Twitter-meldinga, som vart publisert klokka 20.31, melder politiet at førarkorta vart beslaglagte etter at politiet observerte at dei to sjåførane breisladda med bil i Modalan.
Dei melder vidare at sak vert oppretta.