To gamle bilde

Under innsamlinga og registreringa av gamle bilde på Rindal frivilligsentral i vinter, fekk vi inn eit par bilde frå vigslinga av Øvre Rindal kapell, som foregjekk 26. juli i 1911. Her er det mange prominente personar. Kjenner du noen?
 

 
 
Kapellet vart vigsla av biskop Bøchmann, og vi går ut ifrå at det er han som står med open, sid jakke midt på bildet, og sidan han legg venstrehanda si på aksla til den sittande dama med "bøttehatt" og sjal, går vi ut ifrå at dette er bispinna. Dama til høgre for henne er prestefrua i Rindal, Helene Johnsen, f. 1874. Kvinna med lang, lys kåpe er "Cessy" Dørge, f. 1872, (kona til kommunelegen), så kjem Ane Langli, f. 1868 (gift med ordførar Jon Langli) og Marit Børset, Austigard, f. 1868. Dei andre i første rekke er ukjende.
 
2. rekke frå venstre: Nr. 3 i briller: Peder Tiset, Tisetgjeret, f. 1863, nr 4 med stav: kommunelege Henrik August Dørge, f. 1895, nr 10 (som ser opp på skrå) er sokneprest Johan Johnsen f. 1858, nr 11: Anders Håkonsli f. 1847
 
3 rekke frå venstre: Nr 1: Ola Holte, Austigard, f. 1854, nr 5: Ola Foseide, Brubakken f. 1878, nr 8: Ola Flåtten f. 1862 (usikkert), nr. 10: Jon Hermundsli, Negard, f. 1849 og lengst til høgre: ordførar Jon Langli, f. 1870
 
Resten av selskapet er ukjent. Men vi går ut ifra at heile kommunestyret var på plass denne dagen. Kjenner du att noen? Kanskje er din bestefar/oldefar med på bildet.
 
Send opplysingar til redaktor@trollheimsporten.no
 
Kanskje lettare å kjenne igjen folk når bilder blir delt i to, og vi kjem litt tettare innpå?
 
Same forsamlinga framom det nye kapellet
 
Her finner du hva Wikipedia skriver om biskop Peter Wilhelm Keydal Bøckman som var gift med Beata Jervel frå Molde