Kristoffer Berset_1024x1536

To KM til Kristoffer Berset

Kristoffer Berset, Surnadal i.l., slo til nok ein gong, og sikra seg sitt andre KM-gull på to dagar på Nordmarka. Martin Aakvik, Betna, tok også gull i sin klasse, ein seier som nok smaka ekstra godt etter at han kom for seint til start på prologen og mista A-finalen på sprinten laurdag. KM i langdistanse vart avvikla under ruskevær og delvis skodde på Nordmarka søndag. Temperaturen var likevel fin, og føret uti løypene kanskje litt enklare enn på laurdag. Også denne dagen vart det levert mange fine prestasjonar frå løparar i vårt distrikt. Vil du vita korleis det gjekk med favoritten din, gå inn på resultatlista på Surnadal i.l. sine heimesider, eller klikk her.

Kristoffer Berset, Surnadal i.l. mottek premie for sitt andre gull under KM i helga. Alle foto: Norunn Holten.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Over til venstre: Tore Gjerstad, Betna, fekk ein flott 3. plass i rennet, noko som gav han sølvmedalje i KM i klasse gutar 15 år, og det var han godt fornøgd med.

Over til høgre: Martin Aakvik kom for seint til start på prologen på laurdag, og måtte av den grunn gå B-finale på sprinten. På søndag viste han konkurrentane ryggen og sikra seg KM-gull.

Det vart kamp til siste slutt i klasse gutar 10 år. Kristoffer Sagli frå Aure stakk av med seieren framfor Njaal Aakvik frå Betna.

Sigrid Moen Bævre, Øvre Surnadal i.l. (til venstre) fekk bronse i klasse jenter 14 år, berre slått av Ingrid Nerem (1. plass) og Sigrid Ertresvåg (2. plass), begge frå Emblem i.l..

Hanne Fuglsøy, Øvre Surnadal i.l., spurtar inn mot mål og får beste tid  i klasse jenter 10 år.

Vebjørn Trønsdal Bævre (nr 73), Rindals-Troll IK, er raskt ute i starten av klasse gutar 16 år. Det blir ein solid 4. plass på han til slutt.

Noa Raaen, Bæverfjord i.l., leverte eit sterkt løp i klasse gutar 9 år.