Todalen Misjonsforening er 170 år!
Heilt sidan 1845 har todalingar samla seg til misjonsforening! Laurdag 6. juni kl 16.00 inviterer Todalen Misjonsforening til jubileumsfest i Todalen ungdomshus. Er dette eldste foreininga i området vårt?
Åse Neergård
Sokneprest og Kamerunmisjonær Finn Ove Kaldhol og Etiopiamisjonær Åse Neergård vil delta. Salmeprogram ved Todalskoret og Åsskard kyrkjekor. Det blir høve til helsingar. Song, servering og gåve til misjonen. Gratis inngang.
Margrete Hals var formann i 40 år. Ho bur no på Stangvik aldersheim.
Heilt sidan foreninga vart starta i 1845 har det vore halde regelmessige møter og ført nøyaktig møtebok og rekneskap over innkomne midlar til misjonens arbeid. Eit historisk og kulturelt klenodium som vil bli utstilt på festen, forutan gamle gjenstandar som har vore i bruk i foreninga. Ein historisk rapport vil også bli lest.
Foreninga arbeider for Det Norske Misjonsselskap (NMS) som forutan eit stort arbeid i Norge med ca 2000 foreningar og lag for born, ungdom og vaksne, har arbeid i 15 land og område der det no er oppbygd store sjølvstendige kyrkjer med kyrkjelydar som samlar tusenvis til gudstenester og som driv skular og helsearbeid etc.
Vår vesle forening ønskjer alle velkomne til ein hyggeleg jubileumsfest!
Todalen misjonsforening.
Det øvste bildet er illustrasjonsbilde frå ei anna lokal foreining! Fleire av dei kjem nok til å møte opp i Todalen.