tp_leserinnlegg

Todalsfjordprosjektet – den rimelege løysinga!

"Eg håpar alle – næringsliv, vi skattebetalarane og valgkåte fylkespolitikarar – vil legge til side Halsabrua og samle oss om Todalsfjordprosjektet, som den rimelege og realistiske løysinga for eit ferjefritt samband – internt på Nordmøre og til Trondheim", skriv Trond Skogseth i dette lesarinnlegget.

Torsdag i førre veka deltok eg på konferansen som Todalsfjordprosjektet (TFP) arrangerte, om status og vegen vidare for ferjeavløysingsprosjektet, 80 år etter at det første tankane om båtfri skyss rundt Todalsfjorden vart lansert.

Prosjektet sjølv og vegvesenet orienterte først greitt om kor langt/kort ein no har kome, og fleire fylkespolitikarar og andre med ambisjonar om å bli det bedyra at prosjektet står støtt på førsteplassen blant framtidige prosjekt, etter at Nordøyvegen utruleg nok no er igangsett. Alle veit at det milliardsluket vil sentralstøvsuge ei allereie slunken fylkeskasse for vegpengar i åra som kjem, så difor vart det på konferansen fokus på korleis ein med alternative modellar, inkl. OPS, kan finne finansiering som gjer at prosjektet kan snorklippast langt tidlegare enn viss Fylket skal finne råd sjølv.

Etter kvart som konferansen skreid fram, stussa eg stadig meir på at ingen nemnde den milliardelefanten som vandra fritt og usjenert rundt i Svorka-rommet på Surnadal kulturhus – Halsafjordsambandet, det andre ferjeavløysingsprosjektet nokre lange steinkast ute i fjordsystemet som Todalsfjorden òg er ein del av. Eg sit ikkje på oppdaterte kostnadstal for Halsafjord-brua, men at det – før dei rituelle overskridingane – vil dreie seg om eit tosifra milliardbeløp, for ei løysing som det i tillegg er knytt betydeleg teknologisk og dermed økonomisk usikkerheit til, er det vel liten usemje om? Uansett kor mykje ein pyntar Halsabrua så vil den minst bli fem-seks gonger dyrare enn dei 2,3 milliardane Vegvesenet har estimert for TFP. Og sjølv om det på E39 er Staten, og ikkje Fylket, som er vegeigar, så er det vel likevel AS Norge og vi skattebetalarane som til sjuande sist blir sittande med rekninga?  2,3 milliardar er nok pengar det òg.

Mot slutten av konferansen vart det opna for spørsmål til Frank Sve og Kristin Sørheim. Sve var ivrig etter å påpeike den nære kontakten han har med samferdselsministeren, og eg nytta difor høvet til å spørje han om han ville ta opp med Dale at AS Norge med Todalsfjordprodsjektet, raskt og relativt billeg vil kunne realisere ein ferjefri veg mellom mørebyane og Trondheim. Sve responderte positivt på denne ideen og sa at han ville ta den med seg vidare, medan Sørheim vel var programforplikta til å svare at å dra inn Halsafjordsambandet i debatten var å opne ein ny indre strid på Nordmøre.

Eg kan forstå at fylkesordførarkandidat Sørheim må sjå det på den måten, men det betyr ikkje at det er rett. Slik eg ser det er ferjefritt E39 eit nasjonalt prosjekt som lever litt sitt eige liv. Anten blir dette gigantomaniske prestisjeprosjektet gjennomført, litt uavhengig av det vi måtte meine her på Nordmøre, eller så blir det sett på meir fornuftige og langt rimelegare løysingar, som sjølvgåande el-ferger, for Halsa og dei andre lange og utfordrande fjordkryssingane. Den debatten er heldigvis allereie godt i gang.

Difor bør Nordmøre, og heile fylket, no samle seg for å legge så mykje trykk vi berre evner på gjennomføringa av TFP, som saman med ferdigstillinga av Meisingset-Ålvundfossen, vil bli ein «billeg» døgnopen veg mellom Møre og Trøndelag. Dette vil vere til det beste for både næringsliv og regionen elles. I motsetnad til E39, som frå Aspøya til Orkdal stort sett går igjennom grisgrendte strøk i ein litt perifer del av Trøndelag, vil FV70 og FV65, bunde saman med brua over Todalsfjorden knyte saman ein av dei sterkaste bu- og arbeidsregionane i Fylket. Og den ekstra lengda som vegen om Tingvoll og Surnadal via Todalsfjorden gir til Trondheim, vil kompenserast av færre og mindre høgdedrag og – ikkje minst viktig i desse tider – truleg langt lågare bompengetrykk.

Eg arbeider til dagleg i Pipelife i Surnadal. Fleire er kjende med at vi kvar dag lir i form av høgare kostnadar på rørtransporten vår, pga. den dårlege standarden på FV65. Flaskehalsane på Storås og Berkåk gjer at vi, i motsetnad til konkurrentane våre i andre delar av landet/Skandinavia, ikkje kan nytte 25 meter lange vogntog til Austlandet. Dette påfører oss rundt 30% høgare kostnadar, samtidig som miljøavtrykket vårt blir litt større enn det kunna ha vore. Denne hemskoen vil berre vekse seg stadig større, både for oss og for den sterke transportnæringa og andre aktørar i regionen. Etter mange år med mykje lovande prat kan Todalsfjordprosjektet vere ein del av ei løysing på problemet. Bru over Todalsfjorden vil naturleg lose trafikk over på FV70/65, og saman med meir trafikk i samband med ein ev. framtidig godsterminal på Berkåk, vil dette òg framtvinge ei etterlengta oppgradering av FV65.

Eg håpar alle – næringsliv, vi skattebetalarane og valgkåte fylkespolitikarar – difor vil legge til side Halsabrua og samle oss om Todalsfjordprosjektet, som den rimelege og realistiske løysinga for eit ferjefritt samband – internt på Nordmøre og til Trondheim.

Trond Skogseth