Tørsåslødag
Rolege verforhold og varmegrader gjorde sitt til at mange fann vegen til Tørsåsløa søndag formiddag. Sportsgudsteneste og Telenorcup stod på programmet. Sjå også på sidene til IK Rindals-Troll.
Mange vart nok overraska over stillare ver enn dei hadde venta når dei kom opp til Tørsåsløa i dag. Medan vinden bles riktig sur og kald mange plassar nede i bydga, var det relativt stille her. Rundt 70 var samla rundt Tørsåsløa da Magne prest leda sportsgudstenesta. Siste gudstenesta her oppe før han i sommar flyttar til Nordhordland. Inne vart det koka kaffe og steikt bakels på spreng. Formkake og pølse med brød var og å få. Viktigast for dei mange barna var nok runden i Telenor cup. Alle barna fekk premie.

Magne prest ankom standsmessig, men hadde seg også ein fin runde på ski. Ovafor ser vi gudstenestesamlinga.

Så kosa folk seg med kaffe og niste eller nysteikte bakels. Bakelssteikinga gjekk for fullt!

Oddbjørn sikra seg eit av dei siste bakelsa!

Det var mange barn og full fart i løypa


Vebjørn i svevet! Tørsåsløa frå vest (ca).

Premieutdeling Telenor cup.
Alle foto: Kjellaug Foseide

.png)

