Infotavla IMGP2480

Tomas og andre tvilarar

Hjarteleg velkomne til høgmesse i Øvre Rindal kapell sundag 1.mai kl.11:00. Jesus møter disiplane etter oppstoda. Han kjem med sår både i hender og side. Både Tomas og alle kan sjå og kjenne for å kjenne han att. Etter gudstenesta (kl.13:00) samlast vi i Lomundsjø bedehus for å høyre om det kristelege arbeidet i Øverbygda.

Preiketeksta er som flg.:
 


 

Øvre Rindal kapell sundag 01.05.11.

Joh.20,19-31: 


 

Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Disiplane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si.


 

Disiplane vart glade då dei såg Herren. Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.» Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»

Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre disiplane då Jesus kom. «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
   

Åtte dagar etter var disiplane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!» Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!» «Min Herre og min Gud!» sa Tomas. Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»
   

Jesus gjorde òg mange andre teikn for auga på disiplane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka. Men desse er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.