11 Daniel Bjørlo (2)

Tomasmesse i Rindal kirke

Me kallar det Tomasmesse etter tvils-disippelen, skriv Lene prest i denne invitasjonen. - Liturgien er ikkje stram, preika kort og Gudshuset rommeleg nok til å famne oss det me måtte ha av tvil og trass, bekymmer og håp, bøn og nattverdsvolt. Daniel Bjørlo sitt orgelspel vil bokstaveleg talt spele ei stor rolle. Hjarteleg velkomne til Rindal kyrkje kl. 19.30. Preika til Tomasmessa kan du lese under

Du kan laste ned programmet for Tomasmessa her.  
Det kan vere kjekt å ha for dei som måtte ynskje å førebu seg til ei gudsteneste litt utanom det vanlege.
 

 

Preika til Tomasmessa kan du lese her:

 

Rindal krk 13.02.11 kl.19.30. Tomasmesse. Jer. 9.

 

Så seier Herren:

Den vise skal ikkje rosa seg av visdomen sin,   

den sterke ikkje av styrken
og den rike ikkje av rikdomen sin.

Men den som rosar seg, skal rosa seg av dette:
        at han har vit og kjenner meg,
        veit at eg er Herren, som syner miskunn
        og gjer rett og rettferd på jorda.
        

For slikt har eg hugnad i, lyder ordet frå Herren.

 

Spør nokon oss, veit me så vel kva me er stolt av.  Og kan hende – og diverre – veit me inderleg vel kva me ikkje er stolte av også.

 

Det me ikkje er stolt over – det er vel utilstrekkelgheit. At me er sjuke. At me ikkje får gode nok karakterar. At me ikkje er fine nok eller har det fint nok. At me er for mykje kvardagsmenneske og for lite festlege. Og så er det uendeleg mange mødre som går rundt og føler på at dei ikkje er mor på ein måte som er god nok. Det kan synast som om ideala mht å vera god mor ligg langt over dei om å vera god far.

 

Det er ikkje grenser for skam me kan bera på. Og mykje av skammen me slit med, var det dessforutan andre som skulle bore. Eg seier det berre, så problematikken skulle vera nevnt: Tenk kor mange som har lagt heile sitt livsverk og all si psykiske helse i å skamme seg etter seksuelle overgrep! Det er skremmande mange - .

 

Kva er me så stolt av – eller kva blir me fortalt at me helst skulle vore stolte av? Var det forbruket vårt, eller var det vår gode smak? Skal me vera stolte av å vera slavar under motehysteriet og over-forbruket? Det kan synast slik.

 

De me er stolte av, måtte vel vera det me føler på at gjev oss status på ein eller annan måte. Anten at me er kul eller har kule klede, at me er flink til fotball eller lefsebaking, at me veit å meine noko om papirlause innvandrarar og krisa i Egypt. For ikkje snakke om å vera stolt av å vera ekte rindaling av den innfødte sorten.

 

Men så undres eg: Var det ikkje meir? Det eg har sagt så langt, handlar om å vera skamfull eller vera stolt med eit ganske så skjørt samanlikningsgrunnlag. Me samanliknar oss med kvarandre eller dei me ser på tv eller dei me les om, og så blir det litt over og litt under alt etter som.

 

Forkynnaren i Det Gamle Testamente veit så vel kva dette går ut på, der han kallar det for tomheit og jag etter vind. For det var vel ikkje mykje anna enn vind som er tom.

 

Det blir eit stort ingenting av dette psykologiserte styret med  skam og ære og konkurranse med kvarandre. Det tek mykje krefter og blir lite av dette jaget etter vind og tomheit.

 

Så seier Herren:

Den vise skal ikkje rosa seg av visdomen sin,
        

den sterke ikkje av styrken
        og den rike ikkje av rikdomen sin.

Men den som rosar seg,
        skal rosa seg av dette:
        at han har vit og kjenner meg,
        veit at eg er Herren, som syner miskunn
        og gjer rett og rettferd på jorda.
        

For slikt har eg hugnad i,
        lyder ordet frå Herren.

 

 

Den som roser seg, den som er stolt og kry har eitt å vera stolt over: At ho har vit og kjenner Gud og veit at Gud er Herren som syner miskunn og gjer rett og rettferd på jorda.

 

Eg får det som eit slag i mellomgolvet – og undres: Er eg meir stolt av min gode smak enn av at eg kjenner Herren? Det kan så vera.

 

Og eg ser eit lys og eit håp som aldri sloknar: Ein dag skal alle vita kven Gud er. At han syner miskunn og gjer rett og rettferd mellom oss.

 

Han skal få noko å gjera, Gud, når han rydder opp mellom oss og dømmer i rettferd. Om ikkje før, skal det i alle fall då bli slutt på at overgrepsoffera og andre kua skal skamme seg.

 

Men eg må innrømme for min eigen del: I lys av denne biten med Gudsord, er eg vorten påmint forskjellen på det trivielle og det viktige. Endå ein gong ser eg at det mest nødvendige er å kjenne Gud og vita kven han er. Endå ein gong ser eg at det eg har som eg har størst grunn til å vera stolt av, er Han som syner nåde.

 

Amen.