Tonar for ei god sak

TV-fotball og møtekollisjonar hindra det store frammøtet til solidaritetskonserten i Stangvik-kyrkja tysdag. Men tonane fylte både rommet og omtanken for kveldens store sak – støtte til heimlause flyktningar.

Under programtittelen «Verda og året rundt» vart det eit variert program i allsong, korsong, pantomime, klaver- og orgelspel.

Stangvik Jentekor pynta huset bokstaveleg til fest – i prosesjon «med lys og sang og glede». I pantomimesongen «Det kommer en stakkar på veien» (Hovland og Hallqvist) tolka dei korleis ein kjær far tek imot sønnen som hadde øydelagt for seg og andre, men altså fekk begynne livet på nytt.

Åsskard Kyrkjekor song ein trøsterik koral frå Bach-kantaten «Mine sukk og mine tårer» og G.F. Handels friske «I will magnify Thee» (Salme 145). Hedda Hansen Berg akkompagnerte.

Ho vandra elles verda rundt på klaveret – med «Argentinsk dans» av Ginastera og filmmusikk av Morricone – før heimlengselen tydelegvis tok overhand og ho vart norsk igjen – med «Baadnlaat» og (nettopp) «Hjemve» frå Griegs Lyriske Stykker. Alt elegant utforma av ein dyktig musikar.

Ei fulltonande (om enn lita) forsamling bruka salmeboka flittig og var innom ulike sjangrar – store hymner, barnesongar, ein melodi frå Beethovens Niande (ja, sjå NoS nr 320!), kveldsalme og vårdikt.

Og «Så grønn en drakt» stod i fin kontrast til tre julesongar av Arne Dagsvik, framført av Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor, med Nora Vetleseter Bøe som solist.

I Ord for kvelden deklamerte Berit Anne Røkkum salmediktet «På veiene ute i verden» av Britt G. Hallqvist og Eyvind Skeie – eit gripande apropos til kveldens overordna tema.

Organist Bernt Bøe smetta inn eit par nyare bruremarsjar og avslutta med «Postludium nr. 20 i G-dur» av Johann Chr. H. Rinck.

Soknerådet spanderte kaffe og saft, brødskive og sjokoladekake. Men før folk tok på heimvegen, hadde dei gitt raust med midlar til flyktningesaka.

 

Tonar for ei god sak  a_690x437.jpg

Pantomimesongen ender i forsoning! Jentekoret - frå venstre Elisa Hyldbakk (Storebror), Jannicke Valstad (Faren), Ilda Hyldbakk (Sonen), Kirsten Marie Nordvik, Liv Margith Aasen, Synnøve Nordvik og Mette Madaus. Bak: Ann-Magret Botten, Nora Bøe, Kari Sæther og Kirsten B. Bøe frå Åsskard Kyrkjekor. (Foto: May-Elisabeth Holten)

Tonar for ei god sak b_690x1111.jpg

Ida Hyldbakk spela «Den bortkomnne sonen» - som her kjem heim att. (Foto: May-Elisabeth Holten)

Tonar for ei god sak c Hedda_690x973.jpg

Hedda Hansen Berg gledde forsamlinga med flott klavermusikk – ikkje minst med Griegs lekre «Hjemve». (Foto: Bernt G. Bøe)