Tonar for nødhjelp
Solidaritetskonserten i Åsskard kyrkje søndag var godt besøkt. Rundt 8 000 kroner kom inn til flyktningesaka.
Aktørar var Tordenskjold Songlag, vertskapet Åsskard Kyrkjekor, ein ungdomskvartett frå Eritrea, sopranen Torunn Kroknes, alten Turid Røen Kroknes, fiolinisten Karina Kosjanenko, tekstlesarane Torgrim Tunes og Randi Vetleseter Bøe og organist/pianist Bernt G. Bøe. Over hundre møtte fram.
Programmet spente frå afrikanske hymner via folketonar, viser og salmar til klassisk fiolin- og vokalmusikk. Deklamasjon av salmar, dikt og omsettingar utdjupa det musikalske.
Særleg inntrykk gjorde dei fire eritrearane Eremias (tromme), Biniam, Rahel og Nasanet. Songen, rytmene og ikkje minst symbolrørslene gjorde innslaget til kveldens andaktsstund.
Torgrim Tunes las «På veiene ute i verden» (Hallqvist/Skeie) og «Um å bera» (Jan M. Bruheim). Han minte om at også nordmenn har vore flyktningar – som t.d. etter at Finnmark vart bomba i 1944.
Karina Kosjanenko spela friskt og uttrykksfullt på fiolin «Bruremarsj frå Lødingen», «Amazing grace», «Pie Jesu» (Lloyd-Webber) og «Ut mot havet».
Programmet til alltid flittige Tordenskjold Songlag bestod av folketonane «Jeg råde vil alle», «Den lyse dag» (Surnadal), spiritualen «Keep Your Lamps», Bremnes-visa «Har du fyr» og den gripande salmen «Solbarn». Elin Persson dirigerte.
Turid Røen Kroknes song tre religiøse folketonar frå Bræin sine samlingar: «Ak, mon min vei» (frå Stangvik), «Se, solens skjønne lys og prakt» (Rindal) og «Blant englers kor». Denne er frå Osmarka, som på Bræins tid var ein del av Tingvoll, og tonen blir difor feilaktig lokalisert til «Tingvoll» - m.a. i salmeboka, der alle desse lokale toneperlene forresten er med!
Dotter Torunn og mor Turid hausta stor applaus for duetten «Sound the Trumpet» av Henry Purcell.
Torunn, for tida songstudent i Trondheim, song åleine - lekkert og uttrykksfult - «Ich halte treulich still» av Bach, «Ave Maria» av Saint-Saëns og Mozarts «Ave verum corpus».
Åsskard Kyrkjekor serverte både mat og kaffe (etter konserten) og musikk av Bach og Haydn (som del av programmet).
Til slutt utfordra dei på sparket alle musikkaktørane og forsamlinga til å stemme i Oscar Petersons «Hymn to Freedom». Slik vart forbrødring gjennom tonar – «When every Man joins every Song» ei sterk symbolsk avslutning på solidaritetsdugnaden.
Gruppa frå Eritrea skapte andakt og ettertanke i Åsskard kyrkje. (Foto: Bernt G. Bøe)
Spontant vart alle med på «Hymn to Feedom» - som avslutta konserten. (Foto: Eldrid Mahle)
Karina Kosjanenko spela vakkert på fiolin. (Foto: Eldrid Mahle)
Åsskard Kyrkjekor - både vertskap og konsertkor. (Foto: Eldrid Mahle)
Torunn Kroknes song nydeleg både åleine og i duett med mor Turid. (Foto: Eldrid Mahle)
Todenskjold Songlag er med der ting skjer – også denne gong! (Foto: Eldrid Mahle)