
Vårsøghelg-konsert i Todalen kyrkje
Tonar under kyrkjetårn

I gruppa spelar Runa Tunheim fele, Peder Hønsvik trekkspel, Gro Løfaldli bass og organist Bernt G. Bøe tasteinstrument.
Som kjent har Todalen ei skattkiste av sjøleigande folkemusikk. Difor har organisten komponert ei lita “Folketonemesse” over lokale feleslåttar og salmetonar - etter Hallvard Ørsal, Ane Husby og Tomine Husby. Her kling todalsmelodiane saman med nyskrivne korparti over kyrkja sine gudstenesteledd. Messa blir urframført på songkvelden.
Blant godbitane i programmet er også gjenhør med “Rannei-orgelet”. Dette trøorgelet var første instrumentet i Todalen kyrkje – ei gåve frå kårkona Rannei Husby, visstnok i 1916. Det vil klinge under folketonemessa og dessutan akkompagnere visa “På Sjåarberg”, som Leif Halse i si tid skreiv om nettopp denne “Rannei med huldrehåret”.
Men først og fremst ber kvelden preg av songskatten vi har hatt gjennom dei 150 åra som Todalen har hatt si eiga kyrkje.
“Tonar under kyrkjetårn” er eitt av mange Vårsøghelg-arrangement denne helga.

.png)

