03 Todalen krk Songen tonar TXT

Tonekveld i Todalen

Til Tonekvelden onsdag 24. november får Todalen kyrkje besøk av gruppa Safari, Åsskard kyrkjekor og sitt eige Todalskor, melder organist Bernt Bøe til Trollheimsporten. Sjå bilde og meir informasjon nedafor!

Safari – med bygdas eigen Gudmund Husby i spissen – spelar gospelmusikk og spirituals. Kora opptrer saman i eit variert utval av kyrkjetonar. Her spenner det frå 3000 år gamle tekster og folketonar til smaksprøver på Mendelssohns tonekunst.

Dessutan er todalingane vidkjende for sin fulltonande allsong. Den vil også prege kvelden! Bernt Bøe spelar orgel og piano.

Programmet tek til kl. 19.30 og blir avrunda over kaffekoppen.

Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og i bildeserie!

-

01 Kor TKÅK Samsong TXT
04 Todalen krk Orgel B Txt
05 Todalen krk TAVLA txt