Tonekveld i Todalen
Med arrangement kvar månad i år markerer Todalen kyrkje sitt 150-årsjubileum. Onsdag førstkommande er det TONEKVELD! Dette er det tredje jubileumsarrangementet i Todalen kyrkje i år.
Oskeonsdagen blir markert med Tonekveld i 150 år gamle Todalen kyrkje. Årets tredje jubileumsarrangement består av korkonsert, biletkåseri, allsong og kaffestund.
Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og organist Bernt Bøe byr på utdrag frå kantaten “Visst skal våren komme” og smakebitar frå musikken ved 100-årsjubileet i 1961.
Gjennom lysbilete blir det glimt frå Todalskyrkja si historie – ispedd fakta og anekdoter om personar og hendingar.
Allsongprogrammet spenner over tekster og tonar frå dei same 150 åra.
Soknerådet spanderer kaffe og litt å bite i.
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!

.png)