Torgdag
Den tradisjonelle Torgdagen under Kulturvøkku vart ein suksess både med godver og mykje folk. Kanskje veret var så godt at det bremsa på handlelysta, men folk kosa seg i alle fall! Skolekoret "Kor Tøff" hausta sterkast applaus for songen og framføringa si!
Torget var fylt opp av boder til lag og organisasjonar og nokre selgarar. Det var salg av sildball og dravle, ogdu kunne få smake kumlokkbakels frå FDV sitt store "bakelsjarn"! Dette for å nemne berre noko.
Ei gruppe jenter har deltatt på et kortkurs i hip-hop og streetdance i regi av "opp-og-dans" v/Silje Ranes nå etter skolen sluttet. De hadde enframføring av det de hadde lært. Det var også muleg å få ri på ponniar. Du kunne også følge sykkelrittet "Furuhaugrittet" som hadde start og innkomst ved sentrum.

-- jenter som kommer og jenter som går ...... Albert Lorgen Bolmøyen var fonøyeleg i møtet med livets valg og realitetar!
"Opp og dans"-gruppa til Silje Ranes viste kva dei hadde lært av hip-hopdansar. Stor presisjon og innsats i varmen!

Furuhaugrittet er eit sykkelritt som går frå Sentrum til Landsem, gammelvegen opp til Elshaug og Grønlifeltet, over Furuhaugmarka, etter skogsveg forbi gapahuken, ned Øyalia til R65 straks vest om Tiåbrua, over Langmyrhaugen(Holte-Fosseide) til Sentrum.
Førstemann i mål var Johannes Reiten, Oppdal på 40:16 min. Halvminuttet etter kom Kjetil Bolme og Hallvor Drøpping frå arrangørklubben Trollheimen sykkelklubb i tett duell!
Røde Kors var godt synleg med den store bandvogna si. Gamle kjenningar møtes også på Torgdagen! Fra venstre Kjell Bråten, Petter Bolme, Willy Karlstrøm og Trond Støle.
Slik såg det ut på Torget! Mykje plass til mingling - og mingling vart det!

.png)