Toril Moe - no ute på streamingtenestene
Toril Moe ga ut sin sjølvtitulerte plate i 2009, og hausta gode omtaler. Den har kun vore tilgjengelig i fysisk format fram til no. Men no er skiva lagt ut til streaming og nedlasting og finns på, til dømes, Spotify. Musikken vil då nå ut til fleire, noko den fortener!
Det har gått nesten ti år sidan Toril Moe ga ut sin sjølvtitulerete CD, og no kan altså musikken høyrast på den store "verds-veven". Tekstane på plata er skrivne av Toril sjølv, Jo Ranheim, Ole Magne Ansnes, Edvin Opøien og Ivar Selmer Olsen og er tonesett av Jo Ranheim, Ole M. Ansnes og Jostein Ansnes. Skiva inneheld elleve spor, og er innspela i Øra studio. Skiva er miksa av Jo Ranheim som òg er produsent. Medverkande musikarar er Halvor Mjøen på trommer, Einar Mellingseter på bass, Arild Følstad på keybords, Ketil Hustad, tangentar, Jo Ranheim på gitar og kor, og til slutt Jostein Ansnes, kor.