torstein og kongelige_230x371

Sjå MGP jr-vinnaren opptre for kronprinsfamilien!

Torstein i kongeleg selskap

MGP jr.-vinnar Torstein Snekvik frå Kvanne var torsdag ettermiddag med på opninga av Nobels Fredssenter sitt nye aktivitetsrom "Nansen og jeg" i Oslo. Der var han i kongeleg selskap, da prinsesse Ingrid Alexandra, prins Sverre Magnus, kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon også var sentrale aktørar under opninga. Inne i saka kan du sjå videoopptak av Torstein som syng "Svikter aldri igjen" for kronprinsfamilien.

Torstein song vinnarsongen sin frå årets MGP jr.-finale, "Svikter aldri igjen", og fekk etterpå helse på dei kongelege.

Dei to borna i kronprinsfamilien, Ingrid Alexandra på seks år og Sverre Magnus på fire, er store fans av MGP jr. Dei tykte det var kjempeartig at det var årets MGPjr-vinnar Torstein som stod for den musikalske underhaldninga.

- Det var artig å spele for kronprinsparet fordi dei er spesielle personar som alle veit noko om. Eg var litt nervøs i starten, men såg at alle var med på songen, fortel Torstein til NRK Super.

Sjå Torstein synge for kronprinsfamilien her. 

Kronprinsfamilien fekk hjelpe fredsprisvinnar Fridtjof Nansen med å skaffe flyktningar mat, reint vatn og medisinar, og dei vart kjent med flyktningjenta Masika på åtte år. Til slutt fikk borna ta bilde av seg sjølv saman med Nansen. Bildet kom på framsida av ”Nansen-nytt” som dei tok med seg heim til Skaugum, skriv Nobels Fredssenter på si heimeside.

Fredssenteret har brukt både leik, humor og interaktivitet i sitt nye rom for born. - Med "Nansen og jeg" ønskjer Nobels Fredssenter å børste støvet av Fritdtjof Nansen og å gjere den einestående innsatsen hans for flyktningar meir kjent for både born og vaksne, seier direktør ved Fredssenteret Bente Erichsen.

Foto: Nobels Fredssenter