torstein i spektrum_350x467

Torstein på plass i Spektrum

Laurdag er det klart for finale i Melodi Grand Prix jr. I dag, tirsdag, var finalist Torstein Snekvik på plass i Oslo Spektrum for første prøve til finalen, som blir vist i direktesending på NRK.

Med akkrediteringa på plass og MFK-sekken på ryggen, inntok 10-åringen frå Kvanne Oslo Spektrum. Der blir det øving og terping for å få alle detaljar på plass til det store MGP jr.-showet laurdag kveld, der dei ti finalistane skal framføre sine finalebidrag for 4000 publikummarar.

Ein fullasta buss med skulekameratar på Stangvik oppvekstsenter kjem fredag til Oslo for å heie på Torstein. Med knallrosa og spesiallaga t-skjorter gitt i gåve frå Surnadal Sparebank og Amfi Kreativ, har gjengen klare ambisjonar om å setje sitt preg på Spektrum og TV-sendinga! Les om t-skjorte-utdelinga her.

Torstein deltek i MGP jr.-finalen med den sjølvlaga "Svikter aldri igjen". Den, og dei andre finalebidraga, kan du høyre utdrag av her.

Batteri, som kom på andreplass i Melodi Grand Prix jr. for to år sidan, er også klare for ny Spektrum-opptreden laurdag. Der skal surnadalingane vere backingband for årets Melodi Grand Prix-vinnar Didrik Solli Tangen og trompetist Tine Thing Helset, som står for pauseinnslag under TV-showet. Les meir om dette samarbeidsprosjektet her.