
Full feiring av MGP jr.-vinnaren på Stangvik oppvekstsenter
Torstein tatt imot som helt
Jubelen runga og skulekompisane flokka seg rundt Torstein da han i halv ni-tida i dag var på plass igjen på skulen - med vinnartrofeet frå MGP jr. med seg.
Med den sjølvlaga "Svikter aldri igjen" sjarmerte tiåringen heile Norge under den NRK1-overførte finalen laurdag, og sjølvsagt vart det feiring på Stangvik oppvekstsenter i dag.
Einingsleiar Bjørn Høivik heisa flagget og presse og kommunale gratulantar sto nærmast i kø da Torstein kom til skulen saman med mor Heid Snekvik.
Ordførar Mons Otnes sa spøkefullt at han "berre" fekk sendt cirka 20 SMS-ar under avstemminga, før han gav Torstein blomster og 1000 kroner.
- Og dei pengane må du bruke på akkurat det du har lyst til, understreka Otnes, før han la til at han synest "Svikter aldri igjen" er ein sterk og flott song.
- Det er viktig at mobbing blir teke opp. Du har gjort ein storarta innsats, Torstein!
Kulturskulerektor Torbjørn Larsen var også blant gratulantane, og gav MGP jr.-vinnaren gitarstrenger. - Når du er blitt så dyktig som du er no, skal det ein del til for å bli endå betre. Derfor må det mykje øving til.
Torstein kvitterte for gratulasjonane med å framføre "Svikter aldri igjen" - til rungande allsong - samt ein heilt ny og sjølvlaga melodi, før feiringa på skulen fortsette med pølsefest og MGP jr.-finalen i reprise på storskjerm.
Allereie torsdag skal Torstein til Oslo igjen, for videoinnspeling i regi av NRK.
- Det blir nok travelt framover. Men om 14 dagar reiser vi til Syden for å slappe av. Den ferien var bestilt lenge før MGP jr.-finalen, og NRK har sagt at det er heilt i orden, seier Heid Snekvik med eit smil.
Les også: Torstein vann Melodi Grand Prix jr!