
Torstein til topps på VG-lista
Melodi Grand Prix junior-vinnar Torstein Snekvik frå Kvanne toppar i dag både VG-lista og Trøndertoppen saman med resten av årets MGP jr.-gjeng. Tiåringen sin vinnarmelodi "Svikter aldri igjen" er blant høgdepunkta på CD-en "MGP jr. 2010", som denne veka klatra frå tiandeplassen og heilt til topps på den prestisjefylte VG-lista.

VG-lista er basert på salstal frå cirka 100 faghandlarar og 300 bensinstasjonar over heile landet. Samle-CD-en frå årets MGP jr, er allereie ein stor suksess og toppar i dag, tirsdag, altså lista.
Artistar som Skambankt, Robyn, Eminem, Iron Maiden, Melissa Horn og Hellbillies må dermed sjå seg slått av juniorgjengen med Torstein Snekvik i spissen.
Ikkje uventa er "MGP jr. 2010" også storselgaren i Midt-Norge. CD-en har i si første veke gått rett til topps på Trøndertoppen i Adresseavisen!

.png)

