
SJÅ STOR BILDEKAVALKADE FRÅ FESTDAGANE I OSLO
Torstein vann Melodi Grand Prix jr!
- No blir det storfest på Kvanne! Det sa ein jublande Torstein Snekvik etter at han i kveld, laurdag, gikk til topps i den NRK-overførte finalen i Melodi Grand Prix jr. Tiåringen sjarmerte heile Norge, sikra seg først den eine av fire plassar i superfinalen og vann så heile konkurransen. Surnadal gjorde seg også bemerka på scena i fleire samanhengar, da Batteri både opptrådte som backingband for Didrik Solli Tangen og Tine Thing Helseth i pauseunderhaldninga, og serverte ein MGP-medley saman med dei tidlegare vinnarane Jørgen, Celine og Malin.
Saka er no oppdatert med bildekavalkade frå den surnadalske festkvelden i Oslo!
Carita (14) og Mia (11) Faksnes var blant dei mange som følgde med på NRK-sendinga på TV-skjermen på Vårsøg Hotell, og begge meinte Torstein Snekvik (øverste bildet, foto: NRK) kunne ha gode sjansar under finalen med "Svikter aldri igjen".
- Han er dyktig, og alle må stemme på han, sa dei to da sendinga starta.
Og folk over heile Norge stemte på den sjarmerande 10-åringen, som var finalens yngste og som bevis på seieren fekk vinnartrofeet frå fjorårsvinnar Jørgen.
- Dette er kjempeartig. Eg hadde aldri trudd at eg skulle vinne - eg var jo nettopp på audition, sa Torstein etter finalen ifølgje VG.
- Eg hadde glade sommarfuglar i magen før eg song. Eg håpar storesøster er stolt, seier Torstein, som har store draumar for framtida:
- Eg vil gjerne gi ut ei plate dersom jeg får lov. Men mitt største mål er likevel å få slutt på mobbinga.
Du kan sjå om igjen heile MGP jr.-finalen her.
Roald Boge har fotografert for Trollheimsporten frå årets MGP jr.-dagar i Oslo. Klikk på bilda under for større versjonar.