Tove Sundli blir butikksjef for nye ARK i Alti Surnadal: – Eg er så glad at eg skjelv
Den tidlegare Notabene-sjefen får ansvaret for den nye butikken, som etter planen åpnar i Princess' sine gamle lokaler 2. juli. – Eg gler meg altså så veldig, seier Sundli sjølv.
Ingressfoto: Tove Sundli ble onsdag bekreftet som ny butikksjef for ARK Surnadal (Foto: Alti Surnadal på Facebook)
Onsdag offentleggjorde Alti Surnadal at Tove Sundli vert butikksjef for ARK, som åpnar ny butikk i senteret i sommar.
Sundli fekk jobben dagen før, og var aldri i tvil om ho skulle takke ja til mulegheita for å returnere til bokhandelbransjen.
– Under jobbintervjuet spurte dei meg om kor lyst eg hadde på jobben, og då sa eg "Veit du, det er ingenting eg har meir lyst til enn å få han". Då eg fekk tilbodet vart eg altså så glad, for eg har jo vore litt spent på framtida. Eg sveva då eg kom ut av møterommet der vi sat, seier ho.
Sundli har jobba i bokhandel i 40 år, og eit halvår etter at Notabene-kjeden gjekk konkurs i november i fjor, er ho altså no klar for nye utfordringar i ARK-systemet nokre meter lenger bort i same Alti-senter.
– Når ARK no åpnar på ein litt annan plass og med anna namn enn det eg har vore vant med, startar både eg og butikken på ein måte med blanke ark. Det tykkjer eg er greitt, og nybutikken blir veldig fin. Det blir 250 kvadratmeter med bokhandel, og heile ARK sitt sortiment, inkludert leikar, seier ho, og fortsett:
– Eg trur dette blir ein knallbra butikk, på det som kjem til å bli eit kjempeflott senter når oppgraderingane er ferdig.
Sundli fortel at ho no er klar for opplæring i ARK sine system, og at ho startar med denne 22. juni. Veka etter er ho i gang for fullt. Då kjem nemleg representantar frå ARK sentralt for å plassere varer i butikken.
– Planen er å åpne 2. juli, dersom ingenting spesielt skjer.
Bokhandel-veteranen fortel at ho nærmast letta då ho fekk beskjeden om at ho blir ny butikksjef.
– Eg gler meg altså så veldig til å få vere ilag med bøker igjen, og har vore så spent fordi eg har ønska meg dette så sterkt. Eg har likt meg på arbeid kvar dag i 40 år, og har tenkt å jobbe ti år til - slik at det blir 50 år i same bransje, seier Tove Sundli.