
Tradisjonell 1.mai-markering i Surnadal
Ap-politikar og nytilsett ungdomsskulerektor Norvald Bondhus heldt tale for dagen, medan Anita Land (SV) heldt appell under 1.mai-feiringa i Surnadal Kulturhus. 40-50 personar var til stades under den tradisjonelle markeringa, der Surnadal Hornmusikk og Gøran Bolme sto for den musikalske underhaldninga. Sjå bilder frå markeringa ved å klikke vidare på saka.
Norvald Bondhus snakka mellom anna om at det er både ønskjeleg og nødvendig med tilflytting til kommunen, også frå andre land.
- Surnadal har hatt ein delegasjon til Nederland med tanke på at folk derifrå skal flytte hit, og det er bra. Men kva skjer når folk faktisk tek det store spranget det er å flytte frå landet dei kjem frå og hit til Surnadal? Er vi gode nok til å ta imot dei? Vi kan nok bli betre, sa Bondhus, som hadde statistikk å vise til og meinte Surnadal kan ha ein del å lære av nabokommunen Sunndal når det gjeld integrering.
- Vi må jobbe med haldningar som openheit og inkludering, slik at innflyttarar kjenner seg velkomne i bygda vår.
Klikk på bilda for større versjonar.

.png)




