Trailervelt i dag
Mandag formiddag velta ein trailer med 30 tonn material (til T-Komponent AS) mot postkassa på Dalbakk på Landsem. Sjåføren og jentungen som var passasjer kunne krabbe uskadd ut.

Det vart nok også spente minutt for dei som sat ved frokostbordet på Dalbakk
før folka kom ut! Traileren hadde møtt ein annan stor bil og komme for langt
ut på kanten. Redninga av last og bil vil vare langt utover dagen, så det er
tryggast å kjøre om Bolmen for å sleppe ventetid. (Tekst/foto: Ole Trygve Foseide)


Rognskog Bil er på plass og planlegg redningsarbeidet.
(Det var tralla på semitraileren som var komen utafor vegkanten, og dermed
drog den med seg resten i velten.)
-----
Etter trailerulykka var veghøvelen i sving på fylkesvegen:


.png)

