
Trampeklapp for Hunger og Per Arne
Ikkje det mest vanlege i Rindal
Per Arne Løset imponerte alle med si eiga figurteaterforestilling Hunger i Rindalshuset i kveld. Det er uvanleg kultur når eit figurteater gjestar bygda vår. Enno meir uvanleg er det at ein sambygding står attom. Det er TinkerTing som presenterer Hunger og attom TinkerTing finn vi rindalingen Per Arne Løset. Forestillinga er designet og instruert av Pickled Image (Dik Downey og Vicky Andrews frå Bristol i England). Medprodusenter er Figurteateret i Nordland.
Og Per Arne Løset imponerte Trollheimsporten - einaste lokale presse på plass i Rindalshuset i kveld. Og det var ikkje berre vi som vart imponert. Per Arne Løset og Gisle Hass måtte fram tre gonger til trampeklapp - etter eit fantastisk samspel i samhandling. Ein svolten ung mann prøver å få ferdig eit manuskript - ikkje ulikt Knut Hamsuns Sult - og driv seg sjøl og medmenneska til det ytterste med utnytting og utbytting. Han angrar, men greier ikkje å halde svolten unna og det heile endar i fortaping - eller... Ja, er det håp for oss menneska?
Samspel og samhandling
Samspelet mellom Gisle Hass og Per Arne Løset (til venstre) var imponerande. Det same var samspelet med lyd, lys og teknikk. No dreg forestilllinga ut på ein turne i den kulturelle skulesekken, der den er nominert blant dei beste i sin sjanger.
Det er bra vi kan få lov til å oppleve slik litt uvanleg kultur også i Rindal. Takk skal du ha Per Arne!
Klikk på bilda nedanfor og sjå dei større og i serie. Dei er alle frå forestillinga i Rindalshuset i kveld:

.png)








