
... og det kan bli meir å høyre frå gruppa i framtida
Trampeklapp og Famntak-suksess

"Vi sjåast vel igjen?", spurte gitaristen frå scenenkanten da den første av dei to konsertane i Storstuå laurdag nærma seg slutten. Responsen under heile konserten tala i alle fall sitt tydelege språk om at publikum meir enn gjerne vil ha fleire gjenhøyr med Jostein Ansnes, vokalist Tone Søyset Døving, fiolinist Anders Larsen og pianist Trygve Brøske.
Etter platene "Famntak" (2003) og "Leirfivellandet" (2006), som gjorde kvartetten populær også langt utanfor Nordmøre, har det vore stille frå Famntak dei siste åra. Medlemmene har vore travelt opptatt på kvar sin kant, men Svein Sæter sørga for å få samla gjengen til tre konsertar denne helga - to i Surnadal i kveld, laurdag, og ein på Sunndalsøra søndag.
Den første laurdagskonserten var fullstendig utselt, og med Jostein Ansnes i slag som "hovudkonferansier" - supplert med kommentarar, rapping og allsonginstruksjon frå Trygve Brøske - sørga Famntak for ei glitrande musikalsk forestilling. Dette vart, som gruppa sjølv sa det, ein julekonsert utan julesongar, ("Vi er for sol og varme. Neste år er målet jul utan jul"), med kjenningar som "Gravøl i Mærradala", "Leirfivellandet", "Breimostjernå", "Poilla-karrainn", "E slåttatæja" og "Kultursjå".

I tillegg presenterte Famntak også to heilt nye melodiar. Jostein Ansnes har tonesett dikta "Bilde" og "Supernova" av surnadalingen Tiger Garte, og begge songane viser at Famntak har eit svært godt utgangspunkt for vidare satsing.
- Eg var heilt overvelda av konserten, sa ein svært fornøgd Alf Ramsøy (nedste bildet), som har samarbeidd med Famntak tidlegare og som møtte kvartetten bak scena i pausen mellom dei to konsertane laurdag.

.png)

