0 BøfjH c Tore S Plakat

Bøfjordhelga 2014:

Tre dagar til ende

Kortreist - javel! Men bøfjordingane lovar tre rikhaldige dagar fredag til søndag. Det allsidige programmet er basert på eigne krefter. Ikkje minst er Bøfjordhelga ein kjempedugnad for «Prosjekt Kyrkjebåtnaust». Dei tre dagane er fulle av opplevingar.

Starten skjer på Kveldheim fredag - med salgsmesser, debututstilling av måleri ved Gjertrud Heggem, basar, kaffe og kveldsmat.

Laurdag er det opning av splitter ny ballbinge ved Bøfjord-skulen. Der blir det også volleyballturnering.
 

Yrande liv

Grendahuset og Leikarvollen er arenaer for yrande liv utover laurdagen. Kyrkjebåten «Hjelmkonnå» har eigen stand – medrekna eit bugnande basarbord til inntekt for bygging av kyrkjebåtnaustet ved Gammelsagelva. Inntektene av kulturkvelden etterpå går også til dette.

Ute er det også ope for tilreisande hobbystands. Røsslyngen 4H arrangerer natursti. Etter kvart blir det knøttefotball og oldboyskamp (Bøfjord-Surnadal) på Leikarvollen.

Åsskard Bygdekvinnelag serverer kaffe og middag og har pynta ei flott «Bondestue». Her viser dei bl.a. produksjonsprosessane «Frå mjølk til smør og ost» og «Frå korn til brød».

Inne i grendahuset er målarkunst etter Magnhild Bæverfjord utstilt saman med Gjertrud Heggem sine bilete. Prosjektet «Turar i Bøfjorden» har eigen stand. Ein stor premie-quiz går heile dagen.

 

Kulturprogram

Ettermiddagens kulturprogram byr på scenemoro ved Johnse Sættem og Bøfjorden Teaterlag,  eit lite Prøysen-jubileum med barn og vaksne, eigenkomponert trekkspelmusikk ved Oddmund Solem og songinnslag ved barn i bygda. Naturfotograf Ingrid Sollid viser serien «Bygda frå fjord til fjell» - der den flotte Bøfjord-naturen kjem til sin rett saman med glimt av frodig folkeliv og historie.

Eit høgdepunkt er ro-konkurransen mellom ordførarane Mons Otnes og Ola Rognskog. Denne skjer med eit spesialapparat på scena og kan følgjast av publikum på skjerm. Premiering, basartrekning  og Bøfjordsongen avsluttar programmet.

 

Sesongopning på sjøbruksmuseet

Søndag skjer det på Sjøbruksmuseet – med sesongopning og utstillingar. Sabb-motoren går, og kjøkenet serverer middag og kaffe. Nytt dialekthefte «Teft og tykkje» blir presentert. Dagens tema tek for seg hendingar på Nordmøre kring grunnlovsåret 1814.

 

0 BøfjH a Grendahuset
Grendahuset er hovedarena for Bøfjordhelga.
0 BøfjH b Naustprosjekt
Mykje av helga er dugnad for naust til kyrkjebåten «Hjelmkonnå» og kyrkjebåtnaustet.
0 BøfjH c Tore S Plakat
Tore Sannes er eldsjela bak både «Hjelmkonnå» og kyrkjebåtnaustet.
0 BøfjH d Knøtte
Både knøtt og oldboys skaper fotballstemning - som her under fjorårets knøttekamp.
0 BøfjH e Solem Oddmund
Oddmund Solem presenterer eigne trekkspelmelodiar i grendahuset.
0 BøfjH f Bygdekv
Åsskard Bygdekvinnelaget - her ved Karen Bøklep (t.v.), Kari S. Heitmann og Inger Lise Heggem - sørger for mat og bondekultur.
0 BøfjH g TT Hefte
Historielaget har nytt «Teft og tykkje» klart til søndages samling med middag og 1814-program på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
0 BøfjH h Uts Gjertrud Heggem
Gjertrud Heggem målar i personleg stil - som ho viser med utstillingar både fredag og laurdag.